Det Politiske Parti

Det politiske parti (DPP) var eit norsk politisk parti tufta av komikarane Johan Golden og Atle Antonsen. Partiet stilte til sitt første stortingsval i 2001 på slagord av typen «Din slave på tinget». Om DPP hadde fått inn representantar på Stortinget skulle det ha vorte røysta over kva desse representantane skulle stemme i kvar enkelt sak på den offisielle nettstaden til partiet. DPP ønskte med andre ord å innføre ei form for direktedemokrati. Partiet nytta ein paraply som logo, han var eit symbol på at dei dekte heile det politiske landskapet. I partiprogrammet til DPP heitte det at partiet bygde politikken sin på «fridom, likskap og politikk».

Det Politiske Parti
LandNoreg
Partileiar(ar)Atle Antonsen
GrunnleggjararJohan Golden
Grunnlagt2000
Nedlagt2001

Partiet fekk nærare 1 % av alle røystene på landsbasis ved sitt første valår (2001) og over 8 % i skulevala same året. Dette ville resultert i nærare 12 representantar på Stortinget om det var ekte val.

Etter Stortingsvalet i 2001 hadde partiorganisasjonen (som hovudsakleg bestod av to personar) stått stille. DPP deltok ikkje i kommune- og fylkesstyrevala i 2003. Då partiet ikkje hadde meldt overføring til partiregisteret fall partinamnet ut av Brønnøysundsregisteret som registrert partinamn etter stortingsvalet 2005.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre