Atle Antonsen
Atle Antonsen (fødd 11. august 1969 i Lillehammer) er ein norsk komikar og skodespelar. Han er kjent for fleire humorprogram på TV, som medlem i bandet DDR, for Lompelandslaget og som frontfigur for Det Politiske Parti.
Atle Antonsen | |
![]() Atle Antonsen på scena i Oslo i 2017 Foto: Tore Sætre
| |
Fødd | 11. august 1969 (53 år) Lillehammer |
Yrke | skodespelar, komikar, politikar, regissør, manusforfattar, stemmeskodespelar, plytrar |
Atle Antonsen på Commons |
Av TV-programma Antonsen har medverka i kan nemnast Mandagsklubben på TV Norge og Team Antonsen og Uti vår hage på NRK. Han har også medverka i radioprogrammet Misjonen på P4 saman med Johan Golden. Frå 2006 har han også opptrådt med Team Eckbo, ein sceneproduksjon i samarbeid med Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Espen Eckbo. Antonsen er dessutan kjent for plystringa si.[1]
Antonsen har vunne Komiprisen tre gonger; i 2004 i klassen beste stand up-artist og i 2007 og 2008 i klassen beste mannlege artist i revy og komedie. Under Gullruten 2006 vart han kåra til beste mannlege skodespelar for Tre brødre som ikke er brødre. Han har bidrege til den norskdubba versjonen av enkelte animasjonsfilmar, og er i tillegg stemma til hovudpersonen i den norske animasjonsfilmen «Kurt blir grusom».
FrammøteEndra
TV
|
Film[2]
Anna |
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Atle Antonsen» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Plystrekongen». Aftenposten. 23.10.2003.
- ↑ Atle Antonsen ved The Internet Movie Database (IMDb)