Det andorranske riksvåpenet

Det andorranske riksvåpenet vart godkjent i 1969 og er sett saman av eit skjold som er delt i fire felt.

Det andorranske riksvåpenet

Dei fire felta representerer høvesvis byen Seo de Urgel i Spania (i raudt ein gull mitra med sølvkant), byen Foix i Frankrike (i gull tre raude søyler), kongedømet Aragón (i gull fire raude søyler), og den franske provinsen Béarn (i gull to gåande raude oksar).

Under skjoldet står nasjonaldevisa til Andorra: «Virtus Unita Fortior». Sett om frå latin: «Sameina dyd er sterkare».

Utforming av av våpenet byggjer på tradisjonar attende til 1150.

Kjelde endre