Opna hovudmenyen
Det antiguanske flagget. Storleiksforholdet er 2:3.
FIAV 000010.svg Marineflagget , storleiksforhold 2:3

Det antiguanske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg for Antigua og Barbuda den 27. februar 1967, då den karibiske øystaten fekk sjølvstyre. Flagget blei ikkje endra då landet fekk sjølvstende i 1981.[1]

Flagget blei utforma av kunstnaren Reginald Samuel. Han vann ei tevling om å utforma flagget sim hadde over 600 lokale deltakarar.[1]

Resultatet var eit raudt flagg med ein omvend trekant som peiker mot botnen av flagget og er farga med tre vassrette stiper av svart, lyseblått og kvitt. Ei sol stig opp frå det svarte bandet.

Den oppgåande sola står for byrjinga av ein ny tidsalder, og for klimaet på Antigua og Barbuda. Svart symboliserer det afrikanske opphavet til folket og for jorda, blått står for håp og havet, raudt for energien til folk som verker for si eiga framtid.[1] Fargane gult, blått og kvitt (frå sola og ned) står for sol, sjø og sand. V-forma er eit symbol for siger (victory).[1]

Det offisielle marineflagget blir brukt av den nasjonale kystvakta. Det består av eit kvitt felt, ein raud kross og statsflagget i kanton.

GalleriEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Whitney Smith (25. juli 2011). «Flag of Antigua and Barbuda». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. Henta 25. juli 2018. 

BakgrunnsstoffEndra