Opna hovudmenyen
Antigua and Barbuda

(norsk: Antigua og Barbuda, antiguansk)

Det antiguanske flagget Det antiguanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Fair Antigua, We Salute Thee»
Motto Each Endeavouring, All Achieving (engelsk: Kvar forsøker, alle oppnår)
Geografisk plassering av Antigua og Barbuda
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Saint John's
Styresett
Monarki
Elisabeth II
Gaston Browne
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
443 km² (184.)
nær 0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
94 731 (186.)
213,8 /km² (42.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1. november 1981
Nasjonaldag 1. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 096 mill. USD (177.)
24 700 USD (56.)
Valuta Austkaribisk dollar
Tidssone UTC -4
Telefonkode +1-268
Toppnivådomene .ag


Antigua og Barbuda er ein liten øystat som ligg mellom den austre delen av Det karibiske havet og Atlanterhavet. Etter å ha vore britisk koloni sidan 1632 blei landet sjølvstendig i 1981. Geografisk blir landet rekna til øygruppa Leewardøyane som igjen er ein del av Dei små Antillane. Dei omliggende øystatene er Guadeloupe i sør, Montserrat i sørvest, Saint Kitts og Nevis i vest og Saint-Barthélemy og Saint Martin i nordvest.

Hovudøya Antigua ligg 40 km sør for Barbuda. Ei mindre øy, Redonda, og fleire småøyer høyrer også til staten.[1] Hovudstaden og største by er Saint John's på Antigua.[2] Øystaten er ein del av det britiske samveldet og engelsk er offisielt språk.[1] Den britiske monarken Elizabeth II er statsoverhovud.

Kart over Antigua og Barbuda.

GeografiEndra

 
English Harbour på Antigua

Antigua har ein flatevidd på 280 km². Ho er av gammalt vulkansk og korallopphav, medan Barbuda på 161 km² er ei flatare koralløy. Klippeøya Redonda på 1 km² er ikkje folkesett.

Det meste av skogdekket på Antigua er felt, medan Barbuda framleis har eit rikt plantedekke. Begge øyene er kjende for mange fine sandstrender.[3]

KlimaEndra

Øyane har eit tropisk klima med middeltemperatur på 27 °C. Temperaturen om vinteren er omtrent 23 °C, om sommaren og hausten omkring 30 °C. Den kaldaste perioden er frå desember til februar.

Den årlege nedbørsmengda er kring 1100 mm og det meste av nedbøren kjem i september-november. Øyane er utsette for tropiske orkanar.[3]

Antigua og Barbuda er utsette for tropiske orkanar. Orkanen Irma utsletta mykje av Barbuda i 2017. Øyane har ei årleg nedbørsmengd på omtrent 1100 mm. Det regnar mest frå september til november.

AntiguaEndra

Antigua har eit areal på 280 km². Øya er bygd opp av vulkansk material og kalkstein. Dens høgaste punkt er Boggy Peak, som ligg 402 meter over havet. Antigua har ikkje overflatevatn eller skog, og øya er sterkt utsett for tørke. Hovudstaden i landet, Saint John's, ligg på denne øya. På Antigua finst det ein spesiell slange som ikkje lever noko annan stad i verda.

Barbuda og RedondaEndra

Barbuda har eit areal på 161 km² og ligg 40 km nord for Antigua. I motsetnad til naboøya er Barbuda ei flat koralløy med mykje vegetasjon. Dei viktigaste treslaga er mahogni og seder. Den einaste byen på øya er Codrington. Det høgaste punktet ligg på eit platå austom Codrington 44,5 meter over havet.

Redonda er ei folketom klippeøy med eit areal på omtrent 1 km² sørvest av Barbuda. Det høgaste punktet på øya er omtrent 300 meter høgt.

HistorieEndra

Dei førkolumbiske folkegruppeneEndra

Antigua og Barbuda blei folkesette rundt 3100 f.Kr. av førkeramiske jeger- og samlarar kjende som ciboney eller siboney, rekna som tainoar.[4][5] Rundt byrjinga av vestleg tidsrekning[5] blei dei følgde av arawak-talande saladoid-folk som innvandra til Dei karibiske øyane frå områda rundt nedre delen av Orinoco i det noverande Venezuela, og som laga og brukte keramikk. Arawak-folka dreiv landbruk og dyrka mellom anna ananas, mais, søtpoteter, chili, guava, tobakk og bomull. Dei førkolumbiske folka i Karibia bygde havgåande båtar som kunne fara på Det karibiske havet og Atlanterhavet. Difor kunne arawaker og karibar folkesetja store delar av Sør-Amerika og Dei karibiske øyane. Etterkommarar finst no hovudsakleg i Brasil, Venezuela og Colombia.

Europeiske kolonisering og den tidlege kolonitidaEndra

 
«Shipping Sugar» frå Ten views in the island of Antigua av William Clark (London, 1823).

Antigua og Barbuda blei oppdaga for europearane av Kristoffer Columbus i 1493, og det var han som gav den største øya namnet Antigua. Antigua er kalla opp etter ei kyrkje i Sevilla i Spania, Santa María de Antigua. Karibar hadde truleg teke kontroll over øyene då Christopher Columbus kom hit på si andre reise til Amerika i 1493.[5]

Spanjolane koloniserte ikkje Antigua ettersom øya hadde lite ferskvatn og mange aggressive karibar. Antigua kom under britisk kontroll i 1632 og Barbuda i 1678. Britane herska over øyene frå 1632 til 1981, med eit kort avbrekk då Frankrike tok makta i 1666. Dette året braut det ut krig mellom Storbritannia og Frankrike. Den franske guvernøren på Martinique invaderte Antigua og bortførte alle slavane. Britane gjenerobra øya i 1676.

På Antigua blei det etter kvart utvikla sukkerplantasjar, og der brukte ein hovudsakleg afrikanskætta slavar som arbeidskraft. Christopher Codrington etablerte den første store sukkerplantasjen i landet i 1674. Den einaste byen på Barbuda er oppkalla etter han. Sukkerindustrien blei ein viktig næringsveg basert på slavearbeid. Mykje av regnskogen i landet blei hogd ned for å rydda land til sukkerplantasjane, og tømmeret frå skogen blei brukt til skipsbygging.

I 1736 var slavane majoriteten av innbyggjarane i landa. Ein slave planla å drepa dei kvite i landet, men opprørsplanen blei oppdaga og hindra. Slaveriet blei avskaffa i 1834, dels på grunn av slaveopprør.

Politisk utviklingEndra

På 1800-talet blei Antigua brukt som eit hovudkvarter for Den karibiske flåten til den britiske marinen. Økonomien i landet var basert på landbruk.

I 1834 blei slaveri forbode i det britiske imperiet, men sukkerindustrien var likevel ein viktig næringsveg heilt til han blei nedlagd i 1972. Dei tidlegare slavane arbeidde framleis hardt og fekk lite løn for strevet.

I tida frå 1939 til 1950 var det ei stor politisk utvikling. I 1939 blei den første fagforeininga i landet grunnlagt, og denne arbeidde blant anna for å betra levekåra til arbeidarane. Antigua arbeidarparti blei oppretta og var snart det største partiet. Vere Bird var ein av dei fremste mennene til partiet, og han hadde òg vore ein av frontfigurane i fagforeininga.

Frå 1958 til 1962 var øyane med i Den vestindiske føderasjonen, og i 1967 blei dei eit sjølvstyrt område under britisk kontroll. Dette gjorde blant anna at landet fekk ha ei folkevald regjering. Partiet til Bird vann i val etter val.

SjølvstendeEndra

I 1978 blei dei to partia i kolonien samde om å arbeida for ein rask overgang til fullt sjølvstende, men innbyggjarane på Barbuda var motstandarar av det. Det var hovudgrunnen til at planane blei forseinka.

1. november 1981 blei Antigua og Barbuda ein sjølvstendig stat med Elisabet II av Storbritannia som statsoverhovud. Sjølvstendet førte òg med seg problem. Då landet blei sjølvstendig fekk det retten til å låna pengar i Det internasjonale pengefondet. I løpet av to månader hadde landet lånt like mykje som halvparten av bruttonasjonalproduktet.

Vere Bird var den første statsministeren i landet, og han ivra for samarbeid med USA. Han støtta blant anna den amerikanske invasjonen av Grenada. I 1987 blei Bird skulda for korrupsjon, men han gjekk ikkje av før i 1994. Han blei etterfølgd av sonen sin, Lester Bird.

Økonomisk krisetidEndra

I 1995 blei landa ramma av orkanen Luis. Orkanen førte til skade på 75 % av busetnaden. Næringslivet, og spesielt turistindustrien, blei sterkt råka av denne katastrofen.

I 1996 gjennomførte regjeringa ein økonomisk kriseplan for blant anna å redusera utgiftene til landet. Lønene til offentleg tilsette blei frosne, og dei til ministrane blei reduserte med 10 %. Likevel fortsette den økonomiske krisa gjennom dei neste åra, blant anna fordi to nye orkanar råka landet i 1998 og 1999. Den siste av dei to medførte store materielle øydeleggingar.

Lester blei slegen av Baldwin Spencer frå United Progressive Party ved valet i 2004. Spencer arbeidde for å kjempa mot korrupsjonen som dei tidlegare regjeringane etter hans meining ikkje hadde gjort nok for å avgrensa, og som difor hadde spreidd seg kraftig. Bird avviste skuldingane om at hans regjeringar var ansvarlege for korrupsjonen. I 2014 blei Gaston Browne statsminister etter at Antigua Labour Party vann 14 av 17 mandat i parlamentet.[6]

I 2005 blei det innført personskatt igjen for første gong på 20 år. Økonomien i landet betra seg noko, men det har enno stor utenlandsgjeld.

I september 2017 blei Barbuda råka av orkanen Irma øya, som raserte størsteparten av bygningmassen og infrastrukturen. Etterpå blei nesten alle innbyggjarane på øya evakuerte til Antigua, som hadde mindre skade.[7][8]

FolkesetnadEndra

Folkesetnad og folkegrupperEndra

Antigua og Barbuda har 69 481 innbyggjarar. Folkesetnaden er ganske skeivt fordelt mellom øyane. Omkring 98 % av innbyggjarane bur på Antigua, og berre omtrent 2 % på Barbuda. Ein hovudgrunn til dette er at den største byen, Saint John's, ligg på Antigua. Folkeveksten i 2000 var 0,55 % og folketettleiken er 156,84 innbyggjarar per km².

91 % av folkesetnaden er etterkommarar av slavar frå Afrika, 4,4 % er av blanda etnisk opphav, 1,7 % har europeisk opphav, og resten kjem frå andre folkegrupper. [treng referanse] Dei fleste kvite kjem opphavleg frå Irland og Storbritannia, men det er òg nokre frå land i Midtausten som Syria og Libanon. I tillegg finst det ein del folk frå andre stadar i Asia og nokre sefardiske jødar. Ein liten del av folkesetnaden på Antigua er innvandrarar frå Dominica, Guyana og Jamaica. Det er òg ei aukande mengd innvandrarar som kjem frå Den dominikanske republikken, Saint Vincent og Grenadinene og Nigeria.

Ein aukande del av folkesetnaden bur i utlandet, stort sett i Storbritannia, USA og Canada.

SpråkEndra

 
Oversyn over folkesetnaden i Antigua og Barbuda frå 1961-2003 (tala oppgjev mengd tusen innbyggjarar).

Det offisielle språket i landet er engelsk, men mange snakkar eit antiguansk kreolspråk. Aksenten på Barbuda er litt ulik frå aksenten på Antigua. Spansk blir tala fleire stadar der det finst mange innvandrarar frå Den dominikanske republikken.

Det antiguanske kreolspråket brukar ord som kjem frå britisk engelsk og afrikanske språk. Språket blei forma av slavar frå Afrika. Eigarane var britiske plantasjeeigarar som snakka engelsk slik det var på 1700-talet. Når slavane skulle kommunisera med europeiske eigarar eller oppsynsmenn, måtte dei nytta seg av ord frå språket til begge grupper, og slik utvikla det seg eit afrikansk-engelsk pidginspråk. Dette utvikla seg vidare til eit fullverdig kreolspråk som blei morsmål for seinare generasjonar av innbyggjarar fødd på øya.

ReligionEndra

Trosretninger i Antigua og Barbuda (2011).[9]██ Den anglikanske kyrkja (17,6%)██ Adventisme (12,4%)██ Pinsebevegelsen (12,2%)██ Herrnhutismen (8,3%)██ Den katolske kyrkja (8,2%)██ Metodisme (5,6%)██ Den wesleyanske kyrkja (4,5%)██ Church of God (4,1%)██ Baptisme (3,6%)██ Andre (12,2%)██ Ingen religion (5,9%)██ Ikke oppgitt (5,5%)

Antiguanarane er for det meste kristne, men tilhøyrer ulike kyrkjesamfunn utan at eit enkelt av dei dominerer.[9]

Ved folketeljinga i 2011 var Den anglikanske kyrkja det største kyrkjesamfunnet med 17,6 % av folkesetnaden. 12,4 % var adventistar og 12,2 % pinsevenner. 8,3 % tilhøyrde herrnhutismen, 8,2 % Den katolske kyrkja, 5,6 % metodistkyrkja, 4,5 % Den wesleyanske kyrka, 4,1 % Church of God og 3,6 % baptistkyrkja. 12,2 % av folkesetnaden tilhøyrde andre trussamfunn.[9]

PolitikkEndra

Antigua og Barbuda er eit konstitusjonelt monarki. Dronning Elisabeth II av Antigua og Barbuda er monarken i landet. Monarken er representert av ein generalguvernør.

Statsministeren er regjeringssjef. Landet har eit parlament med valde representantar frå fleire parti. Det dominerande partiet har sidan 1949 vore arbeidarpartiet. Den utøvande makta ligg hos regjeringa og den lovgjevande hjå dei to kammera i parlamentet. Statsministeren sidan valet i 2014 er Gaston Browne. Rodney Williams er generalguvernør.

Det er val til Underhuset kvart femte år. Underhuset er 19 medlemmer der 17 blir valde direkte. Det andre kammeret er Senatet med 17 medlemmer.

Landet er medlem av blant anna Organisasjonen for austkaribiske statar, Den karibiske fellesskapet, Samveldet av nasjonar og Organisasjonen av amerikanske statar.

Forsvars- og utanrikspolitikkEndra

Forsvarsstyrken i landet, Royal Antigua and Barbuda Defence Force, blei danna i 1981. I tillegg til oppgåva med å ivareta forsvaret i landet, skal forsvarsstyrken òg bidra til indre tryggleik og orden og bistå ved naturkatastrofar og krisesituasjonar.[10] Royal Antigua and Barbuda Police har ei spesialavdeling kalla Special Patrol Group.

Royal Antigua and Barbuda Defence Force består av ein infanteribataljon, kystvakt og ei støtteeining. Til saman disponerer forsvaret kring 270 personar (2010).[11]

Antigua og Barbuda er medlem i Regional Security System, eit forsvarssamarbeid mellom sju austkaribiske statar.[12]

NæringslivEndra

Økonomien til Antigua og Barbuda er tenestebasert. Turisme er den viktigaste inntektskjelda i landet. Det tener òg pengar på to militærbasar som USA har på Antigua. Landet har ganske høg utanlandsgjeld, men den berekna økonomiske veksten i år 2000 var på heile 2,5 %. På slutten av 1990-talet hadde landet ein inflasjon på over 2 %, men inflasjonen sokk til 0,4 % i 2000.

Antigua og Barbuda er medlem av Den austkaribiske valutaunionen, noko som blant anna inneber at landa i unionen har felles sentralbank og mynteining. Nokre viktige handelspartnarar er Spania, USA, Singapore og Tyskland.

Landbruk og fiskeEndra

 
Strendene i Antigua og Barbuda er ein av grunnene til at landet får besøk av så mange turistar.

Sidan 1950-talet har landbruket fått ei stadig mindre tyding i økonomien. Noko som hemmar landbruket er vassmangelen. Tidlegare hadde landet ein stor sukkerproduksjon, men i 1972 blei sukkerplantasjane lagde ned. Dei 30 siste åra har bidraget frå landbruket til bruttonasjonalproduktet i landet gått med frå over 40 % til 12 %. Det meste av landbruksvarene blir produserte til eige forbruk. Landbruksministeren i landet har oppmuntra til at det skal blir sjølvforsynt med viktige matvarer for å redusera importen av mat, som står omtrent for 25 % av den samla importen. II 2004 utgjorde importen i alt 735 millionar dollar, over tre gonger meir enn eksportinntektene på 214 millionar dollar. Bomull, fiske, fruktdyrking og grønnsaksdyrking er viktige næringsvegar innanfor landbruket.

I 1999 omfatta bufebesettinga i landet 16 000 kveg, 12 000 sauer, 12 000 geiter og 2000 grisar.

Fiske er òg ein viktig næringsveg, og det viktigaste fiskeområdet ligg mellom Antigua og Barbuda. Inntekta frå fisket i år 2000 på var omtrent 1,5 millionar dollar.

Turisme og industriEndra

Meir enn halvparten av BNP i landet kjem frå turisme, og ein tredel av turistane kjem frå USA. I 1995 blei øyane ramma av ein orkan som fekk katastrofale følgje for økonomien, og spesielt for turismen.

Industrien fekk større tyding i økonomien då landbruket blei mindre viktig. I 2001 stod industrien for 19 % av bruttonasjonalproduktet i landet. Han omfattar blant anna elektroniske komponentar. All elektrisitet blir produsert av fossilt brensel, og omtrent halvparten av eksporten i landet er petroleumsprodukt.

SamfunnEndra

Den forventa levealderen i landet er 71 år, eit forholdsvis høgt tal i denne regionen. I 1998 tok landet på seg ansvaret for dei medisinske tenestene i Karibia. Ein viktig del av dette oppdraget er allereie i gang. Landet held på å byggja det teknologisk mest avanserte sjukehuset i heile Karibia.

Over 90 % av folket i Antigua og Barbuda kan lesa og skriva. På Antigua finst det to skular for medisinsk legeutdanning. Det finst òg eit statleg universitet.

Det blir gjeve ut to daglege aviser i landet, Daily Observer og Antigua Sun. Begge kjem òg ut i andre land i Karibia. Dei fleste amerikanske fjernsynsnettverk er tilgjengelege i tillegg til det lokale fjernsynet, ABS TV 10. Det finst òg fleire lokale og regionale radiostasjonar.

KulturEndra

Karneval og musikkEndra

I august månad blir det halde eit nasjonalt karneval. Dette årlege karnevalet inneheld skodespel, konkurransar og andre aktivitetar. Karnevalet er òg ein stor turistattraksjon. Opphavleg var karnevalet ei feiring av at slaveriet blei avskaffa i 1834. Kulturen i landet er påverka av populærkultur frå USA. Familien og religionen spelar ei viktig rolle i det daglege livet til folk.

Dei vanlegaste og viktigaste musikksjangrane er calypso og soca.

Mat og drikkeEndra

 
Cricketbane i Saint John's på på Antigua.

Nasjonalretten i landet heiter fungie. Han liknar mykje på den italienske retten polenta, og er som denne laga av maismjøl. Nokre andre vanlege lokale rettar er ducana og salt fisk og hummer. Ducana er laga av innbakte poteter og kokosnøtter. Tamarind-jus og mauby er døme på lokale drikker. Mauby består av sukker og bork og frukt frå Colubrina-treet.

IdrettEndra

Den mest populære idretten er cricket. VM i cricket 2007 blei halde i Karibia, og åtte av kampane blei utkjempa på Antigua. Friidrett og fotball er òg populære idrettar. Det finst mange store friidrettsutøvarar frå Antigua og Barbuda, som James Grayman, Daniel Bailey og Brendan Christian.

Administrativ inndelingEndra

Antigua og Barbuda er delt inn i 6 administrative parish. Dessutan er Barbuda og den ikkje folkesetteøya Redonda styrte som avhengige område (depencency).

  • 1 Saint George
  • 2 Saint John
  • 3 Saint Mary
  • 4 Saint Paul
  • 5 Saint Peter
  • 6 Saint Philip

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «Antigua og Barbuda». Store norske leksikon. 6. september 2017. Henta 19. juni 2018. 
  2. «Antigua og Barbuda». Store norske leksikon. 6. september 2017. Henta 19. juni 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Antigua og Barbudas Geografi». Store norske leksikon. 14. april 2015. Henta 19. juni 2018. 
  4. «Introduction ::Antigua and Barbuda». 
  5. 5,0 5,1 5,2 «barbudaful history - barbudaful». Barbudaful.net. Henta 19. juni 2018. 
  6. «New prime minister sworn in after sweep in Antigua» Arkivert 16. juni 2014 på Wayback Machine., WWMT, 14. juni 2014.
  7. Panzar, Javier; Willsher, Kim (14. september 2017). «For first time in 300 years, there’s not a single living person on the island of Barbuda». USA Today. Henta 14. september 2017. 
  8. «Hurricane damage 'heartbreaking' Prince Charles». BBC News. 18. november 2017. Henta 19. juni 2018. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Antigua and Barbuda 2011 Population and Housing Census. Book of Statistical Tables I, Statistics Division, 2014, s. 24.
  10. Chapter 9: Special Section: The Caribbean, i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113, 115.
  11. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 116.
  12. Dent, David W. og Larman C. Wilson: Historical Dictionary of Inter-American Organizations, 2. utgave, Lanham/Toronto/Plymouth: Scarecrow Press, 2014, s. 270.