Det aserbajdsjanske statlege filharmoniske orkesteret
Det aserbajdsjanske statlege filharmoniske orkesteret (aserbajdsjansk Azərbaycan Dövlət Simfonik Orkestri) er det nasjonale orkesteret i Aserbajdsjan. Det vart grunnlagt i 1920 av den aserbajdsjanske komponisten Uzeyir Hajibeyov. Symfoniorkesteret held til i Baku, der det har sin eigen konserthall. Hajibeyov dirigerte også sine eigne verk med orkesteret i si tid.
Aserbajdsjanske statlege filharmoniske orkesteret | |||
| |||
Også kalla | Azərbaycan Dövlət Simfonik Orkestri | ||
---|---|---|---|
Opphav | Aserbajdsjan | ||
Skipa | 1920 | ||
Grunnleggjar | Uzeyir Hajibeyov | ||
Aktive år | 1920 til i dag | ||
Sjanger | Klassisk musikk | ||
Leiarar | Sjefdirigent Rauf Abdullayev | ||
Nettstad | www |
Hovuddirigent og kunstnarisk leiar for orkesteret har vore Rauf Abdullayev sidan 1984. Orkesteret er det best kjende og mest respekterte symfoniorkestera i Aserbajdsjan, og høyrer til i verdsklassen.
Sjefdirigentar for det aserbajdsjanske statlege filharmoniske orkesteret
endre- Uzeyir Hajibeyov (1920-1938)
- Niyazi Hajibeyov (1938-1984)
- Rauf Abdullayev frå 1984
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Азербайджанский государственный симфонический оркестр» frå Wikipedia på russisk, den 20. november 2012.
Denne musikkartikkelen som har med Aserbajdsjan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.