Det britiske arbeidarpartiet

britisk sosialdemokratisk parti

Det britiske arbeidarpartiet, Labour Party, er eit sentrum-venstre-parti i Storbritannia. Den noverande leiaren er Jeremy Corbyn.

Det britiske arbeidarpartiet


LandStorbritannia
Partileiar(ar)Keir Starmer
GeneralsekretærIain McNicol
Grunnlagt1900
HovudkvarterCity of Westminster
Medlemstal552 000 (juni 2017)[1]
Ideologidemokratisk sosialisme, Sosialdemokrati Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre
Fargeraudt

Tony Blairs leiarskap

endre

Etter Blair tok over leiarskapen i partiet, var det første han gjorde å fjerne den sosialistiske formålsparagrafen til partiet, paragraf 4 i partilovene om felleseige av produksjonsmidla. Denne og andre endringar i politikken til partiet i marknadsliberalistisk retning gjorde at nemninga New Labour blei mykje bruka om partiet, også av Blair og hans tilhengarar sjølve. Den nye retninga blei også kalla «den tredje vegen», annleis enn både høgrepolitikk og reformistisk sosialisme som Labour hadde stått for før. I utanrikspolitikken la Blair partiet enda tettare opp til USA, og støtta blant anna aktivt angrepskrigen mot Irak.

Minkande oppslutning

endre

Sjølv om Labour vann valet i 2005, var det med minkande oppslutning (godt under 40 prosent) og minska fleirtal i parlamentet, og dei indre motsetningane i partiet er store [treng kjelde]. Men den britiske valordninga med einsmannskretsar gjer at det er vanskeleg for misnøgde arbeidarpartimedlemmer å bryte ut og danne eit konkurrerande demokratisk-sosialistisk parti. Ein tidlegare Labour-representant, George Galloway, greidde likevel å bli vald inn i parlamentet i 2005, for venstrealliansen Respect.

Historisk arv

endre

Det britiske arbeidarpartiet har ei lang og mangfaldig historie, der fargerike personlegdommar som blant andre Aneurin Bevan har spelt ei viktig rolle. Oppbygginga av velferdsstaten og nasjonaliseringa av samfunnsmessig viktige verksemder i Storbritannia etter andre verdskrigen var Labour sitt verk, og noko mange labourites er stolte over den dag i dag.

Kjelder

endre