Tredje standpunkt
Uttrykket Tredje standpunkt er i hovudsak blitt bruka om to politiske fenomen.
For det første, om dei sosialistane som opp gjennom tida har prøva å utvikle eit tredje alternativ annleis enn både vanleg moderat sosialdemokrati og offisiell kommunisme. I denne samanhengen blir Tredje standpunkt synonymt med uavhengig venstresosialisme, «verken Washington eller Moskva, verken høgresosialdemokrati eller stalinisme», som det har vore uttrykt. Denne politiske tendensen har historiske uttrykk som austromarxisme, eurokommunisme og nordisk venstresosialisme (SF, SV).
For det andre, i forma «Third Way», om dei «moderniserte» sosialdemokratane som har forlate det som har vore tradisjonell sosialdemokratisk politikk, med stor vekt på offentleg styring og velferdsstat. Denne tredje vegen er først og fremst utvikla av britiske Labour Party under Tony Blair, og er altså meint å vere ein tredje veg annleis enn både tradisjonell sosialdemokratisk politikk og høgrepolitikk. Mange vil meine at denne linja da blir veldig nær tradisjonell liberal politikk, og såleis ikkje er så ny og moderne likevel. «Third Way»-politikk har i ulik grad innverknad i sosialdemokratiske parti i dag, men er omstridd.