Det egoistiske genet

Det egoistiske genet (engelsk originaltittel: The Selfish Gene) er den første og mest kjende boka til den britiske evolusjonsbiologen og populærvitskapsforfattaren Richard Dawkins. Ho kom først ut i 1976, men vart ikkje omsett til norsk (bokmål) før i 2002. I boka argumenterer Dawkins for at genet, og ikkje individet eller arten, er den viktigaste eininga i det naturleg utvalet.

Boka vart omstridd, og mange tolka ho som eit forsvar for egoisme og sjølvisk åtferd på individnivå hjå menneske. Dette er likevel ikkje i tråd med korkje kva boka eller Dawkins sjølv hevdar. I intervju har Dawkins sagt at han i ettertid angrar på tittelen, og at han utan noko særleg til endringar godt kunne ha publisert den same teksten som til dømes «The immortal gene» eller «The cooperative gene».[1]

Det er òg i denne boka Dawkins innfører mem-omgrepet.

Kjelder endre

  1. Richard Dawkins fortel om boka si, arkivert frå originalen 13. oktober 2007, henta 24. oktober 2007 

Bakgrunnsstoff endre