Opna hovudmenyen
Det europeiske flagget.

Det europeiske flagget består av tolv gylne stjerner i sirkel på blå bakgrunn. Stjernene er plassert i sirkel for å symbolisera einskap og samhald. Talet på stjerner har alltid vore det same og har ikkje noko med talet på medlemsland å gjera. Det europeiske flagget vart fyrst teke i bruk av Europarådet i 1955 for å representera heile Europa. Den europeiske unionen tok i bruk flagget i 1986, etter samtykke frå Europarådet. I dag vert flagget nytta av begge organisasjonane.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Det europeiske flagget