Det europeiske forsvarsbyrået

Det europeiske forsvarsbyrået (EDA: European Defence Agency) er eit samarbeidsorgan for til forsvars- og rustningspolitikk, etablert i Den europeiske unionen.

Det europeiske forsvarsbyrået

Skipa12. juli 2004
HovudkontorBrussel
LeiarJiří Šedivý
Tilsette140 (2019) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.eda.europa.eu/ Sjå dette på Wikidata
Medlemsstatar (mørkeblått), EU-land utanfor EDA (lyseblått), samarbeidsland (grønt).

Det europeiske forsvarsbyrået vart etablert i 2004, som eit instrument i EUs felles tryggings- og forsvarspolitikk. Det har til oppgåve å harmonisera forsvars- og rustningspolitikken i EUs medlemsstatar. Føremålet er vidare å oppnå ei forbetring av den militære kapasiteten i EU og å effektivisera evna innanfor byrået til å handtere krisar. Føremålet er dessutan å effektivisera europeisk rustningsindustri.[1]

EDA hadde per 2018 ca. 140 tilsette, og hovudkontor i Brussel.[2]

Medlemsland og samarbeidsland endre

Alle EU-medlemslanda bortsett frå Danmark deltek i byrået. Etter at Danmark sa nei gjekk landet i staden med på Maastricht-avtala i 1992. Dette var eit nasjonalt kompromiss der landet tok atterhald overfor EU på fire område, mellom dei forsvar. EU godtok dette atterhaldet.[3]

Byrået har samarbeidsavtaler med Noreg (2006), Sveits (2012), Serbia (2013) og Ukraina (2015).[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Bildung, Bundeszentrale für politische. «Europäische Verteidigungsagentur | bpb». www.bpb.de (på tysk). Henta 18. april 2018. 
  2. Anonymous (16. juni 2016). «Det Europæiske Forsvarsagentur (EDA) - Europæiske Union - European Commission». Europæiske Union (på engelsk). Henta 18. april 2018. 
  3. «EU-forsvarsforbeholdet». www.fmn.dk (på dansk). Arkivert frå originalen 28. februar 2018. Henta 18. april 2018. 
  4. «Member States». www.eda.europa.eu (på engelsk). Henta 18. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre