«Soleil Royal» var eit fransk linjeskip med 104 kanonar og flaggskipet til admiral Tourville.

Modell i Musée de la Marine

Det vart bygd i Brest mellom 1668 og 1670 av ingeniør Laurent Hubac og sjøsett i 1669. Det lågt unytta i hamna i Brest i fleire år. Det sett i teneste att med 112 kanonar og 1200 mann då niårskrigen braut ut i 1688 som flaggskipet i escadre du Ponant (Ponant-skvadronen).

«Soleil-Royal» deltok i slaget ved Beachy Head i 1690 og leia då den senteret i den franske formasjonen. I 1692 deltok skipet i slaget ved Barfleur og vart så hardt skadd at det ikkje kunne seglast attende til Brest og vart sett på landgrunn i Cherbourg for reparasjonar. Natt til 3. juni vart skipet angripen av 17 andre skip, då eit brannskip sette akterspegelen i brann. Brannen nådde raskt krutlageret og skipet eksploderte. Berre ein av 883 av mannskapet overlevde.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre