Det georgiske flagget
Det georgiske flagget utgjer fem raude georgskross på kvit botn. Flagget vart offisiell teke i bruk den 14. januar 2004, etter et intervall på rundt 500 år. Tidlegare var det flagget til det georgiske riket på 1300-talet då kong Georg V regjerte.[1][2] Flagget liknar på det engelske flagget, bortsett frå krossane i dei fire kvite rutene.
Den raude leten i flagget skal symbolisera blodet frå krigane mellom Georgia og dess fiendar, dei fem krossane skal symbolisera Jesu sine fem sår, og kvit skal tyda fred.

Historiske flaggEndra
Flagget til Georgia som sovjetrepublikk frå 1921 til 1922. Forkorting med kyrilliske bokstavar
Flagget til Georgia som sovjetrepublikk frå 1922 til 1937. Forkorting med georgiske bokstavar.
Flagget til den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken frå 1936 til 1991.
KjelderEndra
- ↑ David Kldiashvili (1997). ქართული ჰერალდიკის ისტორია ("Historia om georgisk heraldikk"). s. 30-35.
- ↑ «Georgias flagg og våpen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 7. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Bandeira da Geórgia» frå Wikipedia på portugisisk, den 6. oktober 2022.