Sør-Ossetia
Sør-Ossetia (ossetisk Хуссар Ирыстон, Khussar Iryston; georgisk სამხრეთ ოსეთი, Samkhret Oseti ; russisk Южная Осетия, Juzjnaja Osetija) var ein autonom oblast i Georgia i Sovjetunionen. I dag er større delar av området styrt av regjeringa i den de facto sjølvstendige republikken Sør-Ossetia, som ikkje er anerkjend av nokre land eller internasjonale organisasjonar (SN, OSSE, EU osv.). Ein annan del av Sør-Ossetia er kontrollert av dei georgiske styresmaktene. Georgia ser ikkje på Sør-Ossetia som ein sjøvstendig instans, men i april 2007 oppretta den georgiske regjeringa ei mellombels administrativ eining[2] styrt av etniske ossetarar (tidlegare medlemmar av separatistregjeringa) som gjer at Tbilisi kan styre området via lokale leiarar og forhandle med dei ossetiske styresmaktene i eit forsøk på å løyse konflikten.[3]
Sør-Ossetia | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 3 900 km² | ||
Folketal | 53 532 (2015)[1] | ||
![]() Sør-Ossetia | |||
Wikimedia Commons: South Ossetia | |||


Sør-Ossetia har eit areal på 3 900 km² og om lag 70 000 innbyggjarar, som er ei blanding av georgiarar og ossetarar (byane er omvekslande georgiske eller ossetiske utan klåre grenser). Den største byen, som fungerer som hovudstad i området, er Tskhinvali.
Geografi endre
Sør-Ossetia ligg på sørsida av Store Kaukasus, som skil området frå det meir folkesette Nord-Ossetia i Russland, og strekkjer seg sørover til elva Kura i Georgia. Området er fjellkledd og ein større del av området ligg over 1 000 meter over havet.
Kjelder endre
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://cominf.org/node/1166509275.
- ↑ «Civil.Ge | Parliament Sets Up S.Ossetia Provisional Administration», old.civil.ge, henta 1. januar 2022
- ↑ «Civil.Ge | Some Details on ‘S.Ossetia Administration’ Emerge», old.civil.ge, henta 1. januar 2022