Det gylne hornet
Det gylne hornet (tyrkisk Haliç, 'kanal') er ei grein av Bosporos, sundet som skil den europeiske og asiatiske delen av Tyrkia.
Det gylne hornet | |||
sund | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Det gylne hornet | |||
Wikimedia Commons: Golden Horn | |||
Det gylne hornet strekkjer seg frå Bosporos ca. 7 km i nordvestleg retning inn i europeisk Tyrkia, og deler dermed den europeiske delen av Istanbul i to. Kanalen er på det meste 800 meter brei og har ei middeldjupne på 40 meter. Haliç vert kryssa av tre bruer – Galatabrua, Atatürkbrua og Fatihbrua.

Kanalen fekk namnet Det gylne hornet i tida då breiddene tente som fritidsområde for sultanen og dei leiande familiane i Det osmanske riket, som budde der i palassa og strandvillaene sine kjent som yalı. Under 1900-talet vart områda på begge sider av Det gylne hornet skjemma av industriutbygging. I seinare år er det lansert rehabiliteringsprogram som skal prøve å gje området tilbake noko av gammal stordom.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Det gylne horn» frå Wikipedia på bokmål, den 13. august 2012.