Sultan (arabisk سلطان) er ein islamsk tittel med mange historiske tydingar. Opphavleg var det eit arabisk abstrakt substantiv som tydde «styrkje», «autoritet» eller «leiarskap», avleia frå det arabiske masdar سلطة sulṭah, som betyr «autoritet» eller «kraft». Seinare blei tittelen brukt av muslimske herskarar som hevda full suverenitet utan at dei gjorde krav på den altomfattande kalif-tittelen. Tittelen blei også brukt om mektige guvernørar i kalifatet. Ut frå dette blei også ein del andre tydingar avleia.

Hussein Kamel, sultan av Egypt 1914-1917.

Dynasti og land som sultanane regjerte over vert kalla sultanat (arabisk سلطنة).

I dag er tittelen lite i bruk, men i tidlegare tider finn vi mange sultanat i den muslimske verda.

Muslimsk monarkisk tittel under sjarialovgjeving endre

Tittelen ber med seg stor religiøs autoritet og moralsk styrke sidan regenten si rolle var fastslått i Koranen. Sultanen var likevel ikkje ein religiøs lærer eller lærd. I Det bysantinske riket og i delar av austleg ortodoks kristendom, var det ei liknande samanblanding av stat og kyrkje som blei kalla caesaropapisme.

Den første som tok tittelen «sultan» var Mahmud av Ghazni (regjerte frå 998 til 1030 i Sentral- og Sør-Asia). Seinare blei tittelen brukt av dei seljuktyrkiske regentane, herskarane i Det osmanske riket, ayyubide-herskarane og mamelukkane som regjerte i Egypt. Det var «skugge-kalifatet» i Egypt som gav tittelen «sultan» til Murad I (den tredje herskaren av Det osmanske riket) i 1383. Herskarane før han nytta tittelen bey eller emir.

I seinare tider blei tittelen teke i bruk av mindre herskarar, som til dømes kongane av Marokko. I dag er det berre sultanen av Oman, sultanen av Brunei, og nokre titulære leiarar i det sørlege Filippinane og Malaysia som brukar tittelen.

Historiske sultanar og sultanat endre

Midtausten & Sentral-Asia endre

Sultanata Audhali, Fadhli, Haushabi, Kathiri, Sultanatet av Lahej, Aulaqi, Yafa, Mahra, Qu'aiti, Subeihi, Aulaqi, Yafa, og Wahidi

Nord-Afrika endre

Aust-Afrika endre

Tittelen Sultan endre

Maliki endre

Dette var eit alternativt innfødd namn (truleg kjem det av Malik som tyder konge på arabisk) av sultanane av Kilwa i Tanganyika, den kontinentale delen av dagens Tanzania.

Mfalume endre

Dette er Swahili-tittelen på diverse innfødde muslimske leiarar. Oftast blir det gjort om til sultan i arabisk og dei fleste vestlege språk:

  • i Kenya:
    • Pate-øya
    • Witu
  • i Tanganyika, av Hadimu på øya med same namn.

Sultani endre

Dette var den innfødde herskaren sin tittel i staten Uhehe i det noverande Tanzania.

Søraust-Asia endre

  • Sultanatet av Malacca, Malaysia
  • Sultanatet av Johor, Perak og Terengganu, Malaysia
  • Sultanatet av Aceh, eitt av mange i Indonesia
  • Sultanatet av Maguindanao, Filippinane
  • Sultanatet av Ternete, Indonesia
  • Sultanatet av Tidore, Indonesia
  • Sultanatet av Mataram, øya Java, Indonesia
  • Sultanatet of Sulu, Filippinane

Sør-Asia endre

Nåverande sultanar og sultanat endre

  • Brunei
  • Indonesia - Sultanen av Yogyakarta er guvernør for området
  • Malaysia - Sju av ni herskarar over malaystatane kallast sultanar
  • Oman, ein arabisk nasjon, tidlegare sultanatet av Muscat og Oman
  • Filippinane - Sultanatet av Sulu

Aristokratiske titlar endre

I Det osmanske dynastisystemet brukte dei mannlege etterkommarane av sultanen tittelen nesten som det vestlege prins: Daulatlu Najabatlu Shahzada Sultan (gjeve namn) Hazretleri Effendi. For den direkte ervingen var tittelen: Daulatlu Najabatlu Vali Ahad-i-Sultanat' (gjeve namn) Effendi Hazlatlari. Direkte omsett kan vi seie: Kronprinsen av sultanatet.

  • Sønene av prinsesser var ekskluderte som etterfølgjarar i det osmanske imperiet og fekk tittelen Sultanzada (personnamn) Bey-Effendi.

Militær rang endre

I mange av statane som dukka opp etter kalifatet var det eit føydalt militært hierarki som brukte prinsetitlar som Khan, Malik, Amir som rangtitlar.

I det persiske imperiet var tittelen sultan nesten det same som den vestlege graden Kaptein, den femte i rang.

Sjå også endre