Det internasjonale polaråret 2007–2008
(Omdirigert frå Det internasjonale polaråret)
Det internasjonale polaråret 2007-2008 var ei satsing på polarforsking leidd av Det internasjonale vitskapsrådet (ICSU) og Verdas meteorologiorganisasjon (WMO). Visjonen for Polaråret var at det skulle innleie ein ny tidsalder for tverrfagleg og internasjonal polarforsking. Forskinga skulle omfatte både Arktis og Antarktis, og skulle synleggjere samanhengane mellom polarområda og resten av verda.
Viktige satsingsområde i polaråret var meteorologi og klimaforsking, spesielt samanhengar mellom klimaendringar og naturfenomen som Golfstraumen. Andre prosjekt var retta mot miljøgifter og dyrehelse.
Posten i Noreg markerte polaråret med å gje ut to frimerke, NK 1639-1640.
Kjelder
endre- Posten Arkivert 2007-03-01 ved Wayback Machine.