Det juridiske fakultetet ved UiT
Det juridiske fakultetet ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) gjev undervising i og driv forsking innan rettsvitskap. Historia til institusjonen skriv seg attende til 1987, då det vart etablert eit Institutt for Rettsvitskap under det samfunnsvitskapelege fakultetet. I 1997 vart rettsvitskapen organisert i eit sjølvstendig fakultet.
Fakultetet har om lag 600 studentar, og tilbyr utdanning opp til doktorgradsnivå. Sentrale satsingsområde for forskinga er miljø- og havrett i nordområda, fiskerirett og urfolksrett.
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Det juridiske fakultet (UiT)» frå Wikipedia på bokmål, den 29. april 2012.