Det Kongelige Teater
(Omdirigert frå Det kongelige teater)
Det Kongelige Teater er det danske nasjonalteateret. Teateret ligg på Kongens Nytorv i København og vart fyrst skipa i 1748 med namnet Den danske Skueplads. Orkesteret Det Kongelige Kapel vart underlagt teateret om lag år 1770. Den Kongelige Ballet, formelt skipa i 1771, er også knytt til teateret.
Det Kongelige Teater | |||
| |||
Arkitekt | Vilhelm Dahlerup | ||
---|---|---|---|
Opna | 1874 | ||
Det Kongelige Teater 55°40′47″N 12°35′10″E / 55.679627777778°N 12.586002777778°E |
Ein ny teaterbygning stod klar i 1874, og vart bygd tett inntil den gamle. Teateret rommar fleire scener og bygg og syner både skodespel, opera og ballett.
Det Kongelige Teater er freda.[1]
Kjelder
endre- ↑ Fredningssag:Det Kongelige Teater frå Kulturstyrelsen
«Det_Kongelige_Teater» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstadDenne kulturartikkelen som har med Danmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.