Det militære skimerke

Det militære skimerket vart innstifta i 1915, og er eit dugleiksmerke for marsj på ski med pakning, våpen og skyting. Merket sitt føremål er å stimulere interessa for skigåing mellom militært og sivilt personell.

Prøva til det militære skimerket omfattar 30 km langrenn med pakning som skal veige, inklusive våpen, minst 11 kg. Det skal vere lagt inn skyting (eventuelt handgranatkasting).

Sjå òg

endre