Dugleiksmerke

Dugleiksmerke er nemninga på synlege teikn på at ein person har oppnådd fastsette krav innan ein idrett, disiplin eller liknande øving. Det synlege teiknet på kvalifikasjon kan vere ein medalje, merke, nål, pokal, plakett, statuett eller liknande.

Norges Skytterforbunds NAIS-medalje er eit dugleiksmerke innan skytesport, her i gull for oppnådde krav i øvinga 25 m pistol
Foto: KEN

Krava som må oppfyllast for å kvalifisere til eit dugleiksmerke er som regel definert og fastsett av ein organisasjon og kan i nokre tilfelle vere internasjonale.

Føremålet med dugleiksmerke er som regel å allment stimulere til aktivitet innan eit gitt felt, og i tillegg heve dugleiksnivået til dei som er aktive innan ein idrett eller ei øving.

Kjente norske ferdighetsmerkeEndra