Det norske mannskor av 1995

Det norske mannskor av 1995 (DNM95) er eit akademisk mannskor under Studentsamfunnet ved Universitetet i Tromsø. Koret vart, som namnet seier, grunnlagt i 1995.

DNM95 har ein større konsert i semesteret, og syng også på ulike akademiske arrangement. Koret deltek kvart tredje år på Akademisk kortreff i lag med andre akademiske kor frå Noreg. I 2013 arrangerte DNM95 AK i Tromsø.

I 2015 vart DNM95 saman med Tromsø Byorkester dei første på om lag 40 år til å framføre storverket Utferdsdråpa av Fridthjov Anderssen.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre