Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

offentleg universitet i Noreg etablert i 1968
(Omdirigert frå Universitetet i Tromsø)

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet[3][4] (nordsamisk: UiT – Norgga árktalaš universitehta), inntil 1. august 2013 Universitetet i Tromsø (forkorta UiT; inntil 2006 forkorta UiTø) er det universitetet i verda som ligg lengst nord. Universitetet har campusar i Tromsø, Narvik, Alta, Harstad, Hammerfest, Bardufoss og Kirkenes, og vart vedteke oppretta i 1968.[5] Kong Olav V av Noreg opna universitetet i 1972. Det er eitt av åtte universitet i Noreg.

UiT – Noregs arktiske universitet
University of Tromsø Breivika campus.JPG
Grunnlagt1968
TypeOffentleg universitet
RektorAnne Husebekk
StadTromsø
Studentar16 540[1]
Tilsette3 670[2]
Nettstaduit.no

Universitetet i Tromsø vart fusjonert med Høgskolen i Tromsø 1. januar 2009, med Høgskolen i Finnmark 1. august 2013 og med høgskolane i Narvik og Harstad den 1. januar 2016.[6] Etter fusjonen i 2013 vart namnet endra til UiT – Noregs arktiske universitet.

FakultetEndra

Fakulteta ved universitetet er:

  1. Det kunstfaglege fakultetet ligg administrativt under Noregs Arktiske Universitetsmuseum.
Flyfoto av universitetsområdet i Breivika

Senter og administrative einingar ved universitetetEndra

ÆresdoktorarEndra

FotnotelisteEndra

  1. 08585 Studenter i høyere utdanning i Norge. Kjønn og lærested. SSB. Henta 17.9.2019.
  2. Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet i Forvaltningsdatabasen. Norsk senter for forskningsdata. Henta den 17.9.2019
  3. «Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet» (Internett) (på bokmål). Forvaltningsdatabasen. 2013. Henta 10. juni 2020. 
  4. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret» (Internett) (på bokmål). Brønnøysundregistrene. 1995. Henta 10. juni 2020. 
  5. «Om UiT Noregs arktiske universitet» (Internett) (på norsk). UiT – Norges arktiske universitet. 2017. Henta 10. juni 2020. 
  6. Solhaug, Randi Merete, «Klarsignal til fusjon | UiT», uit.no (på bokmål), henta 17. september 2019 

BakgrunnsstoffEndra