Det ottonianske dynastiet

Det ottonianske dynastiet var eit dynasti av germanske kongar som herska frå 919 til 1024 over Sachsen, det tyske kongeriket og Det tysk-romerske riket. Det har namn etter den fyrste keisaren Otto I av Det tysk-romerske riket, men er også kjent som det saksiske dynastiet etter det saksiske opphavet sitt. Familien sjølv er også kjend som liudolfingane, etter det tidlegaste kjende medlemmet grev Liudolf av Sachsen. Dei ottonianske herskarane er også rekna som det første dynastiet av Det tysk-romerske riket, som etterfølgjarar av det frankiske karolingiske dynastiet og Karl den store, som ofte blir rekna som grunnleggjaren av Det heilage romerske riket av den tyske nasjonet.

Ottoniansk slektstavle i manuskript frå 1100-talet.

Herskarar av Det tyske kongeriket og Det tysk-romerske riket endre

Sjølv om han aldri blei keiser, var Henrik fuglefangaren, hertug av Sachsen, utan tvil grunnleggharen av dette keisarlege dynastiet ettersom han blei vald som tysk konge i 919 og gjorde det mogleg for sonen, Otto I eller Otto den store, å danna imperiet. Etter Otto blei dei fleste tyske kongar også krona som romerske keisarar. I regjeringstida til dei ottonianske herskarane blei det austlege Frankarriket (Austfranken) eit samla rike som bestod av hertugdøma Lorraine, Sachsen, Franken, Schwaben, Thüringen og Bayern. Også Kongeriket Italia blei integrert i dette riket av Otto I, og Tyskland blei sameint med det heilage romerske riket. Men eit forsøk på å gjenreisa Romarriket mislukkast allereie under den romerske keisareb Otto III.

 
St. Servatius kyrkje i Quedlinburg, grunnlagd i 936 av keisar Otto I på oppmoding frå mora dronning Matilda, til ære for den avdøde mannen hennar og far til Otto, kong Henrik I fuglefangaren, og som hans minnesmerke.

Otto I arva hertugdømet Sachsen og det tyske kongedømet etter at far hans døydde i 936. Han fortsette faren sitt arbeid med å samla alle dei tyske stammene til eit rike, og å utvida makta til kongen på kostnad av aristokratiet. Gjennom strategiske ekteskap og personlege avtaler fekk Otto medlemmar av sin eigen familie inn i dei viktigaste hertugdøma i kongeriket. Dette reduserte makta til dei andre hertugane, og frå å vera kongen sine likemenn blei dei no underordna han. Otto gjorde også den katolske kyrkja i Tyskland til eit kongeleg maktsentrum og la kyrkja under sin personlege kontroll. Gjennom ein kortvarig borgarkrig sigra Otto over madjarane i 955, og stoppa den ungarske invasjonen i Europa. Ved sigeren sin over dei heidenske madjarane fekk Otto omdøme som ein vernar av kristendommen. Rundt 961 hadde Otto erobra kongedømet Italia og utvida grensene av riket sitt mot nord, aust og sør. Gjennom sin kontroll over store delar av Sentral- og Sør-Europa, gjennomførte Otto og etterfølgjarane hans ein kulturell renessanse innan kunst og arkitektur. Otto etterfølgde Karl den store sitt eksempel - den frankiske kongen som var blitt krona til keisar i 800 – og blei krona til keisar av det tysk-romerske riket i 962 av pave Johannes XII i Roma. Denne kroninga markerer grunnlegginga av Det heilage romerske riket.

Ved å ekskludere den bayerske linja av ottonianarane frå arverekkefølga fekk Otto sin sønn og etterfølgjar, Otto II, styrka mynden sin, og sikra at hans eigen son kunne etterfølgja han på den keisarlege trone. I si regjeringstid prøvde Otto II å innlemma heile Italia i riket, men dette førte han i konflikt med Det bysantinske riket og med sarasenarane i Fatimidekalifatet. Otto II sin kampanje mot sarasenarane enda i 982 med eit sviande nederlag. I 983 kom det til ein stor oppstand av slavarane mot Otto II sitt styre. Otto II døydde brått i 983 då han var 28 år gammal og hadde herska i 10 år. Den plutselege døden hans sette heile riket i ein krisetilstand då den tre år gamle sonen hans Otto III blei innsett som keisar. Under formyndarstyret av Otto II si enke, den bysantinske prinsessa Theophania og systera hans, abbedisse Matilda av Quedlinburg, blei den imperialistiske politikken forlaten, og erstatta av ein allianse mellom kyrkja og keisarriket. Otto III gjorde Roma til det administrative senteret i sitt rike og gjenoppliva eldre romerske skikker og bysantinske seremoniar.

Den barnlause Otto III blei etterfølgd av Henrik II av Det tysk-romerske riket, som blei tysk-romersk keisar i 1002. Han var son av hertug Henrik II, hertug av Bayern, som var medlem av den bayerske linja av ottonianarane, og kona hans Gisela av Burgund. Henrik II brukte fleire år på å konsolidera den politiske makta si og grensen til riket. Han førte krig mot Boleslaw I av Polen, og flytta seinare til Italia. Det ottonianske dynastiet døydde ut med Henrik II i 1024. Krona blei då overtatt av Saliar-dynastiet. Liutgarde, ei dotter av keisar Otto I, hadde gifteat seg med den saliske hertug Konrad den raude av Lorraine. Oldebarnet hans var Konrad II, som blei romersk keiser. Då Rudolph III, konge av Burgund, døydde den 2. februar 1032, gjorde Konrad II også krav på dette kongedømmet på grunnlag av ei arv keisar Henrik II hadde fått i 1006, etter å ha invadert Burgund, og som Rudolph prøvde å ta tilbake i 1016.

Ottonianske kongar og keisarar endre

Nokre andre kjende medlemmer av liudolfingane eller det ottonianske huset:

  • Liudolf, greve av Sachsen, død 864/866
  • Sankt Altfrid, biskop av Hildesheim, død 874
  • Otto Illustrious, hertug av Sachsen, død 912
  • Gerberga av Sachsen, død 954
  • Henrik I, hertug av Bayern, død 955
  • Liudolf, hertug av Schwaben, død 957
  • Hedwige av Sachsen, død 965
  • Bruno I, erkebiskop av Köln og hertug av Lotharingia, død 965
  • Vilhelm, erkebiskop av Mainz, død 968
  • Mathilda, abbedisse av Quedlinburg, død 999
  • Adelheid I abbedisse av Quedlinburg, død 1044
  • Otto, hertug av Schwaben og Bayern, død 982
  • Henry II, hertug av Bayern, Wrangler, død 995
  • Bruno, biskop av Augsburg, død 1029

Kjelder endre