Konge er i dag den vanlegaste tittelen til den mannlege regjerande herskaren i monarki av ein viss storleik. Den motsvarande kvinnelege tittelen er dronning. I tidlegare tider var kongen ein vald leiar for ei viss folkegruppe, i dag er kongen statsoverhovudet i eit større land, og tittelen går i arv etter bestemte reglar. Ein konge held tittelen for livet, men han kan abdisera.

Dei tre skandinaviske kongane Haakon VII av Noreg, Gustav V av Sverige og Kristian X av Danmark i Malmö i 1914.

Historisk tyding endre

Oppgåver endre

Den germanske kongen hadde tre hovudfunksjonar: Han var dommar i vanskelege tvistar, stridsleiar i krig, og kultleiar under viktige blotingseremoniar, som ved hovet i Uppsala. Kristne kongar som nekta å blota kunne miste makta si, slik det hende med Håkon den Gode og Anund Gårdske.

Tilsetjing endre

Kongetittelen var arveleg, men alle sønene til ein konge hadde like stor rett på trona, og den som skulle herska måtte godkjennast av folket. Dette kunne føra til at riker blei styrte av fleire kongar på ein gong, delte opp i mindre riker, eller at dei opplevde borgarkrig fordi ein hadde fleire jamsterke tronkrevjarar.

Ordsoge endre

Ordet «konge» er kjend i alle germanske språk, og er blitt rekonstruert til *Kuningaz, som ein finn att i det finske lånordet kuningas. Den opphavlege tydinga er ukjend, sjølv om ulike teoriar seier at det tydde etterkomar av ein herskar, hadde noko med slektskap å gjera, eller tyder «høyrer til kvinna», det vil seie modergudinna, ettersom kongen òg hadde rolle som prest.

Utvikling fram til moderne tid endre

Etter kvart som føydalsystemet blei innført i Europa, blei riksgrensene og arverekka fastlagde. Det var som regel den eldste sonen som hadde arverett til trona, sjølv om døtrer òg kunne arva henne i nokre land. Kven som hadde arveretten dersom kongen ikkje hadde legitime etterkomarar blei òg nøye fastsett.

Med innføringa av kristendommen hadde kongen sjølvsagt mista stillinga si som hovudblotar, og den katolske kyrkja tok over denne makta. Fleire monarkar hadde konfliktar med kyrkja i mellomalderen, men tok etter kvart over styringa av landet frå adelen i staden. Dei blei eineveldige monarkar. Med reformasjonen fekk kongar som gjekk over til protestantismen òg meir religiøs makt.

Tilbakeslaget kom med folkelege oppstandar, som den franske revolusjonen. Mange kongar blei styrta medan andre måtte gje frå seg makt. Utviklinga mot folkestyre førte til slutt til at stillinga som monark blei til ein symbolsk rolle som statsoverhovud men nesten utan politisk makt. Dette gjeld i alle dei europeiske kongedøma i dag.

Sjå òg endre

Kjelder endre