Det russiske museet

Det russiske statsmuseet (russisk Государственный Русский музей) i St. Petersburg var den første statlege kunstsamlinga i Russland, og hyser i dag den største samlinga av russisk kunst i landet. Museet er eit sentrum for forsking, restaurering og undervising, og koordinerer 260 andre museum i landet.

Mikhailovskijpalasset som i dag hyser ein del av samlingane til Russisk Museum
Gammalt postkort frå Det russiske museet.

Museet vart grunnlagt 13. april 1895. Grunnlegginga fann stad då Nikolaj II vart krynt til tsar, og skulle vere til minne om far hans, Aleksander III. Ved grunnlegginga bestod samlinga av kunstverk henta frå Eremitasjen, Aleksanderpalasset, og frå St. Petersburgs kunstakademi. Etter revolusjonen i 1917 vart mange privatsamlingar nasjonalisert og flytt til Russisk Museum. Mellom desse var Kasimir Malevitsj sitt Svart firkant.

Hovudbygninga til museet er Mikhailovskijpalasset, ein overdådig nyklassistisk bustad som hadde høyrt til storhertug Mikhail Pavlovitsj. Palasset vart reist 1819-25, etter ei teikning av Carlo Rossi, på Kunstplassen i St. Petersburg. Etter storhertugen døydde fekk eigedomen namn etter kona hans, storheruginna Elena Pavlovna. Bustaden vart velkjend for sine mange teaterframsyningar og adelsball.

Nokre av hallane i palasset har behalde interiøret frå den tida det var ein keisarleg residens. Andre bygningar knytt til Russisk Museum er Sommarpalasset til Peter I (1710-14), Marmorpalasset til greven Grigorij Orlov (1768-85), Mikhailpalasset tilhøyrande tsar Paul (1797-1801), og StroganovpalassetNevskij Prospekt (1752-54).

Etnografisk avdeling endre

Etnografisk avdeling vart opphavleg lokalisert i ein bygning teikna for formålet av Vladimir Svinjin i 1902.[1] Museet fekk snart i oppgåve å hyse gåver til tsarfamilien, motteke frå representantar frå folk som budde i ulike regionar i det russiske imperiet. I tillegg kom verk som vart erverva gjennom regulære ekspedisjonar til ymse delar av Russland. Desse oppkjøpsturane kom i gang frå 1901. Attåt vart gjenstandar kjøpt av Nikolaj II og andre medlemer av familien hans, då statskassa ikkje hadde midlar nok til å kjøpe nye gjenstandar. Ei samling av buddhistiske gjenstandar vart erverva til museet av fyrsten Esper Ukhtomskij. I 1934 fekk Etnografisk avdeling status som sjølvstendig museum under namnet Russisk museum for etnografi.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Russian Museum (frå Engelsk Wikipedia, vitja 8. juli 2008)