Det tyrkiske rådet

Det tyrkiske rådet eller Samarbeidsrådet for tyrkisk-talande statar (tyrkisk Türk Dili Konuşan Ülkeler İşbirliği Konseyi) er ein internasjonal organisasjon for tyrkiske land. Han blei skipa 3. oktober 2009 i byen Nakhitsjevan i Aserbajdsjan. Generalsekretariatet ligg i Istanbul i Tyrkia.

Türk Şurası
Türk Keneşi
Түрік кеңесі
Түрк кеңеш
Flag of the Turkic Council.svg
Flagg
Skipa3. oktober 2009
HovudkontorFatih
MedlemmerAserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tyrkia[1]
██ Medlemmer██ Moglege medlemmer██ Nord-Kypros

Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan og Tyrkia er medlemmer i organisasjonen. To andre tyrkiske statar, Turkmenistan og Usbekistan, er ikkje medlemmer av rådet på grunn av sin nøytralitet, men er moglege medlemmer i framtida.[2]

Det tyrkiske rådet har som mål å byggja på den felles kulturarva og identiteten til folka i medlemslanda sine. Moglege samarbeidsområde femner vidt, og omfattar mellom anna utdanning, vitskap, transport, toll, økonomi og turisme. Fred og stabilitet i regionen er eit anna mål med samarbeidet.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra