Қазақстан Республикасы
Qazaqstan Respublıkasy
Республика Казахстан
Respublika Kazakhstan

(norsk: Kasakhstan, kasakhstansk)

Det kasakhstanske flagget Det kasakhstanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen


Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Kasakhstan
Offisielle språk Kasakhisk og russisk
Hovudstad Astana
Styresett
Republikk
Qazym-Zjomart Toqajev
Olzjas Bektenov
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
2 724 900 km² (9.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
18 556 698 (60.)
6,8 /km² (185.)
Sjølvstende
  - Erklært
Frå Sovjetunionen
16. desember 1991
Nasjonaldag 25. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
430 500 mill. USD (43.)
25 600 USD (53.)
Valuta Tenge
Tidssone UTC +4 til +6
Telefonkode +7
Toppnivådomene .kz


Kasakhstan (kasakhisk Қазақстан, Qazaqstan; russisk Казахстан, Kazakhstan) er eit land som ligg dels i Europa, dels i Sentral-Asia. Det er det niande største landet i verda, og er t.d. større enn Grønland med eit areal på 2 724 900 km².

Kasakhstan strekkjer seg frå Kaspihavet heilt til Kina og grensar til Russland, Kirgisistan, Turkmenistan, Usbekistan og Folkerepublikken Kina.

Over dei enorme områda som Kasakhstan dekkjer finn ein mange forskjellige terreng, frå sletter, taiga, åsar, elvedelta, fjell, somme av dei snødekte, og store ørkenar. Ut i frå innbyggjartal er Kasakhstan det 62. største landet i verda med ein folketettleik på mindre enn seks menneske per kvadratkilometer.

Kasakhstan var ein av dei femten sovjetrepublikkane i Sovjetunionen fram til desember 1991, då landet erklærte sjølvstende. Det totale folketalet har falle noko sidan sjølvstende frå 16,46 millionar i 1989 til om lag 15,3 millionar i 2006.[1] Dette kjem hovudsakleg av russarane og volgatyskarane si utvandring etter oppløysinga av Sovjetunionen. I dag er Kasakhstan eit medlem av Samveldet av sjølvstendige statar.

Kart over Kasakhstan

Oblast og raionar endre

For meir om dette emnet, sjå Oblast i Kasakhstan.

Kasakhstan er delt inn i 14 oblast (облыстар, oblystar) eller provinsar og to kommunedistrikt (қалалар, kalalar)*: Almaty (Taldykorgan), Almaty*, Akmola (Koksjetau), Aktobe, Astana*, Atyrau, Vest-Kasakhstan oblast (Oral), Mangystau oblast (Aktau), Sør-Kasakhstan oblast (Sjymkent), Pavlodar, Karagandy, Kostanaj, Kyzylorda, Aust-Kasakhstan oblast (Oskemen), Nord-Kasakhstan oblast (Petropavl), Zjambyl oblast (Taraz).

Merk: Provinsane har det same namnet som dei administrative sentera (bortsett frå der dei er nemnd i parantes). I 1995 inngjekk styresmaktene i Kasakhstan og Russland ein avtale der Russland i ein periode på tjue år kunne leige eit område på 6 000 km² rundt Kosmodrome Bajkonur og byen Bajkonur. Nyleg vart denne leigeavtalen forlenga til 2050.[2]

Kvar provins vert styrt av ein Akim (provinsguvernør) som presidenten peikar ut. Kommune-akimar vert så utpeikt av oblast akimane. Styresmaktene i Kasakhstan overførte hovudstande frå Alamty til Astana 10. desember 1997.

Provinsane er vidare delt inn i raionar.

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå Kasakhstansk geografi.

Med eit areal på 2,6 millionar kvadratkilometer er Kasakhstan det niande største landet i verda og er om lag like stort som Vest-Europa. 6 846 km av landegrensene deler Kasakhstan med Russland, 2 203 km med Usbekistan, 1 533 km med Kina, 1 051 km Kirgisistan og 379 km med Turkmenistan. Av store byar finn ein Astana (hovudstaden sidan desember 1997), Almaty (den tidlegare hovudstaden), Karaganda, Tsjimkent, Semipalatinsk og Turkestan.

 
Elva Syr-Darja i Kyzylorda.

Terrenget strekkjer seg frå Kaspihavet og austover til til Altajfjella og frå dei enorme slettene i Vest-Sibir og sørover til oasane og ørkenane i Sentral-Asia. Den kasakhstanske steppa dekkjer eit område på rundt 804 500 km², eller ein tredjedel av landet, og er den største tørre steppa i verda. Steppa har store grassletter og sandområde. Viktige elvar og innsjøar i landet er Aralsjøen, Ili, Irtysj, Isjim, Uralelva Tsjaryn, Balkhasjsjøen og Zajsansjøen.

Tsjarynravinen er 150-300 meter djup og 80 km lang og kuttar ned i det raude sandsteinsplatået langs Tsjarynelva nord i Tian Shan (200 km aust for Almaty).

Klima endre

Kasakhstan er det største landet i Sentral-Asia, men har eit klima som er lite variert. Berre Kaspihavet og Aralsjøen har ein viss påverknad på klimaet, elles er det stort sett berre kontinentalt steppeklima. Aktau på austkysten av Kaspihavet har mindre enn 150 mm nedbør i året med vind over 15 m/s (stiv kuling) meir enn 80 dagar i året. Fleire tiår med kunstig vatning har tappa Aralsjøen, som no nesten er tom. Dette har øydelagt både økonomien og dei økologiske forholda i området.

Dei nordlege steppene får ein del regn- og torebyer om sommaren, og har ein årleg normalnedbør på om lag 500 mm. Dei sørlege delane av fjellområda , inkludert byen Almaty, har ofte ein våtare periode frå mars til mai etterfølgd av torebyer tidleg på sommaren.

Temperaturane i landet varierer mykje i løpet av året, og ofte har ein mykje vind. Vinteren er skya og kald, og dei fleste stader får ofte temperaturar under -10 °C, og enkelte stader ned mot -50 °C. Av og til kan ein fønvind strøyme over fjella og gje stigande temperaturar. Denne vinden kan derimot verte kraftig i enkelte smale dalar, som Dzjungarisk Alatau i nordaustlege område av Almaty, og her kan vinden kome opp i 45 m/s. Om sommaren kan det verte særs varmt i dei lågareliggande områda (over 40 °C), medan områda i høgda har behagelege temperaturar.

Fotnotar endre

  1. stat.kz, arkivert frå originalen 23. mars 2005, henta 16. januar 2008 
  2. CIA World Factbook: Kazakhstan Arkivert 2008-09-21 ved Wayback Machine..

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kasakhstan