Det venezuelanske flagget

Det venezuelanske flagget er ein vassrett trikolor i gult, blått og raudt med ein stjerneboge i midtstripa. Det kan også ha riksvåpenet øvst til venstre. Flagget blei offisielt teke i bruk av Venezuela i 1811.

Det sivile venezuelanske flagget.
Det venezuelanske statsflagget.

Flagget blei utforma av fridomskjemparen Franciso de Miranda i 1806. 3. august er flaggdagen i Venezuela (Día de la Bandera). Dagen viser til datoen då Miranda heiste flagget i Venezuela for første gong. Flaggdagen blei før 2006 feira den 12. mars etter ei tidlegare heising.

Soge endre

Flagget blei utforma som ein rein trikolor av Franciso de Miranda i 1806, som først heiste det ombord skipet Leandro i Jacmel-bukta på Haiti den 12. mars 1806. 3. august same året blei det for første gong heist i Venezuela. 14. juli 1811 blei det heist som nasjonalflagg på hovudplassen i Caracas.

Den gule stripa blei dobla i vidde i 1819 då flagget blei brukt av Stor-Colombia. I 1836 blei stripene gjort like breie igjen og sju stjerner i ein runding blei lagt til i midten. Dei symboliserte provinsane som først erklærte sjølvstende frå Spania: Barcelona, Barinas, Caracas, Cumaná, Margarita, Mérida og Trujillo.

I 1954 blei riksvåpenet lagt til i øvre venstre hjørne. Denne endringa gjeld berre statsflagget, og dekkjer ikkje flagget brukt av sivile, handelsskip og liknande.

 
Det venezuelanske flagget og ein statue av Simón Bolívar.

I 2006 blei dei sju stjernene utvida til åtte for også å rekna provinsen Guyana med til dei som erklærte sjølvstende. Dette var allereie blitt fastsett av Simón Bolívar i 1817 , utan at det då hadde fått følgjer. Det nye flagget blei innført av den mektige presidenten Hugo Chávez, som også fekk hesten i riksvåpenet vend frå høgre mot venstre. Endringane førte til sterke protestar frå opposisjonen i Venezuela.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre