Simón Bolívar (24. juli 178317. desember 1830) var ein søramerikansk general og nasjonalist som blei ein heltefigur for heile Latin-Amerika. Simón Bolívar frigjorde Peru, Venezuela og Ny-Granada (Colombia) frå det spanske veldet, og saman med general Antonio José de Sucre deler han æra for å ha frigjort Ecuador.

Simón Bolívar

Statsborgarskap Spania, Venezuela, Ecuador, Bolivia, Gran Colombia
Fødd 24. juli 1783
Birthplace of Simón Bolívar, Caracas
Død

17. desember 1830 (47 år)
Quinta de San Pedro Alejandrino

Yrke politikar, offiser
Språk spansk, fransk
Verv President av Venezuela (2. republikken)
Periode 7. august 1813-16. juli 1814
Føregangar Francisco de Miranda (president av 1. republikken)
Etterfylgjar Seg sjølv (president av 3. republikken)
Verv President av Venezuela (3. republikken)
Periode Oktober 1817-24. februar 1819
Føregangar Seg sjølv
Etterfylgjar José Antonio Páez
(som 1. president av Venezuela)
Verv 1. president av Gran Colombia
Periode 24. februar 1819-4. mai 1830
Etterfylgjar Domingo Caycedo
Verv 1. president av Bolivia
Etterfylgjar 6. president av Peru
Religion Katolikk
Far Juan Vicente Bolívar y Ponte
Mor María de la Concepción Palacios y Blanco
Ektefelle María Teresa del Toro y Alayza
Partnar Manuela Sáenz
Simón Bolívar på Commons

Livssoge endre

Simon Bolívar vart fødd i San Mateo, i staten Aragua (i det som den gong var ein del av provinsen Caracas i Venezuela, og ikkje byen Caracas). Han var son av don Juan Vicente Bolívar y Ponte og doña María de la Concepción Palacios y Blanco, som var ei aristokratisk slekt.

Simón Bolívar fekk ei god oppseding av lærarane sine, og då spesielt av Simón Rodríguez. Han fekk mellom anna opplæring i dei filosofiske rørslene på 1700-talet, og då spesielt opplysninga, og dessutan i klassisk gresk og romersk filosofi.

Etter at foreldra hans døydde drog han til Spania i 1799 for å fullføra utdanninga si. Her gifta han seg med María Teresa Rodríguez del Toro y Alaysa i 1802, som døydde av gulfeber allereie i 1803, då dei to vitja Venezuela. Året etter drog Bolívar tilbake til Europa og var ei tid med i kretsen rundt Napoleon.

El Libertador endre

Tilbake i Venezuela vende Bolívar seg derimot Napoleon og bror hans, Joseph, som den franske keisaren hadde gjort til konge av Spania og koloniane i 1808. Juntaen for Caracas erklærte sjølvstende i 1810, og Bolívar vitja England som diplomaten deira. Då juntaen vart overvunnen i 1812 måtte Bolívar flykta til Cartagena de Indias. Her skreiv han Cartagena-manifestet sitt.

I 1813 leia han invasjonen av Venezuela og erklærte den andre venezuelanske republikken. Bolívar blei kjend som El Libertador, Frigjeraren. I 1814 prøvde han å gjera han det same for Colombia. Året etter hadde han fleire nederlag som førte til at han flykta til Jamaica. Han bad om hjelp frå Alexandre Pétion, leiaren av Haiti, og fekk det, slik at han kunne dra tilbake og fortsetja kampen. Colombia blei fritt frå spansk kontroll i 1819. I desember dette året skapte Bolívar føderasjonen Gran Colombia (der mykje av Venezuela, Colombia, Panama og Ecuador var med), med seg sjølv som president. I 1822 tok han også over Peru, etter at den argentinske generalen José de San Martín hadde frigjort størstedelen av landet frå Spania. Saman med Antonio José de Sucre vann han over dei siste spanske styrkane i Ayacucho i desember 1824.

Frigjeringshelten klarte likevel ikkje å halda Gran Colombia samla. Det store landet var prega av indre strid, og i 1827 var dei blitt til krigar som gjorde at føderasjonen braut saman. Bolívar gjekk av som president i 1828. To år etterpå døydde han av tuberkulose i Santa Marta i Colombia.

Anna endre

  • Den nye republikken Bolivia blei til i 1825 og kalla opp etter Bolívar.
  • Ciudad Bolívar i Venezuela, tidlegare Angostura, blei teken av Bolívar i 1816, og har fått namn etter han.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Simón Bolívar