Didymótikho
Didymótikho Lokalt namn Διδυμότειχο | |
---|---|
Utsyn over byen frå borga | |
Geografi | |
Stad | Thráki |
Koordinatar | 41°21′N 26°30′E / 41.350°N 26.500°E |
Areal | 569,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Aust-Makedonía og Thráki Évros |
Hovudsete | Didymótikho (8 611 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 16 060 (2021[1]) |
Folketettleik | 28,2 /km² |
Didymótikho (gresk Διδυμότειχο) er ein by aust i periferieininga Évros i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.
Han er sete i kommunen med same namn, og ligg kring 12 km frå Tyrkia på vestsida av elva Évros (Maritsa). Han er den austlegaste kommunen på det greske fastlandet. I vest er mykje av landskapet fjellendt og skogkledd, medan det er jordbruksområde i sentrale og nordlege delar. Det går ei jernbanelinje frå Thessaloníki til Istanbul gjennom kommunen og det same gjer den greske vegen 51 (Alexandroúpoli - Orestiáda - Edirne i Tyrkia og Svilengrad i Bulgaria). Byen har vel 9 000 innbyggjarar og ligg på ei slette søraust for Svilengrad, sør for Edirne, Tyrkia og Orestiáda, vest for Uzunköprü, om lag 20 km nord for Souflí og om lag 90 km nord for Alexandroúpoli. Dei største andre busetnadane i kommunen er Lagós, Koufóvouno, Sofikó, Ellinokhóri og Karotí.
Historie
endreAntikken
endreOmrådet kring byen vart grunnlagd i yngre steinalder. Det var ein viktig trakisk og hellenistisk by. Byen vart plyndra av romarane i 204 f.Kr. Tidleg på 100-talet skapte den romerske keisaren Trajan ein ny by mellom dei to åsane kring byen og kalla han Plotinopolis etter kona Pompeia Plotina. Byen vart seinare ein av dei viktigaste byane i Thrakia og hadde sin eigen samankomst. Restane av denne byen er i dag kjend som Kale, etter det tyrkiske ordet for «borg». I 1980-åra vart det funne ein massiv gullbyste av Trajan der Plotinopoulis låg.
Mellomalderen
endreI mellomalderen heitte byen Demotika og var ein viktig marknadsby og ein av dei flottaste jaktstadane for keisarane og dei seinare sultanane. Austromarane bygde forsvarsverk rundt byen og etter dei gjenerobra Konstantinopel i 1261, vart han ein av dei viktigaste byane i Thrakia og det austromerske Makedonia. Byen vart kringsett fleire gonger av Det andre bulgarske riket, og under dei austromerske borgarkrigane på 1300-talet vart han viktig som sete for Andronikos III Palaiologos og Johan VI Kantakouzenos. Byen var òg fødestaden til keisarane Johan III Vatatzes og Johan V Palaiologos.[2]
Osmanarane
endre- Sjå òg osmansk Hellas.
Slaget ved Demotika, den første osmanske sigeren i Europa, vart utkjempa føre byen i 1352 under nok ein austromersk borgarkrig. I 1361, etter ei fleire år lang kringsetjing, klarte osmanarane å erobre byen. I motsetnad til nabobyen Adrianopel som vart brend til grunnen, vart denne byen halde intakt og gjort til hovudstad for Det osmansk riket ein kort periode. Det var då dei bygde den store moskeen og bada i byen, som begge var dei første av sitt slag på det europeiske kontinentet. Under tyrkisk styre vart byen kjend som Dimetoka eller Demotika. Den osmanske sultanen Bayezid II vart fødd der. Etter Poltava, levde kong Karl XII av Sverige i eksil i byen (1713–1714). Under den osmanske byen var han eit stort senter for Bektashi-Sufi-ordenen.
Moderne tid
endreI 1912 vart byen ei kort stund okkupert av bulgarar under den første balkankrigen, men vart gjeven attende til osmanarane eit år seinare. Osmanarane gav byen til Bulgaria i 1914, som løn for å ha gått inn i den første verdskrigen på Sentralmaktene si side. Byen vart teken frå Bulgaria under vilkåra i Neuilly-traktaten i 1919.[3] Som andre stader i Vest-Thrakia vart Didymótikho mellombels styrt av Ententen leia av franske general Sharpe. I andre halvdel av april 1920, på San Remo-konferansen med statsministrane til dei hovudallierte i Entente-maktene (utanom USA), vart Vest-Thrakia gjeven til Hellas. Den andre verdskrigen gjekk hardt utover byen.
Byen vart råka av ein storflaum i Évroselva i februar 2005.
Administrativ inndeling
endreFrå 2011 omfattar kommunen Didymótikho òg den tidlegare kommunen Metaxádes. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[4]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 16 060 innbyggjarar, medan kommunaleininga Didymótikho hadde 13 673 og tettstaden med same namn 8 611 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Didymótikho | Didymótikho | 9 263 | 8 611 |
Koufóbouno | Didymótikho | 629 | 599 |
Sofikó | Didymótikho | 795 | 567 |
Ellinokhório | Didymótikho | 593 | 506 |
Metaxádes | Metaxádes | 687 | 494 |
Lagós | Didymótikho | 620 | 451 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Διδυμότειχο (Didymótikho), arkivert frå originalen 24. september 2008, henta 13. desember 2010
- ↑ Treaty of Neuilly, article 27 (3), 48
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelder
endreDenne artikkelen byggjer på «Didymoteicho» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (gresk)