Relativ permittivitet
(Omdirigert frå Dielektrisitetskonstant)
Relativ permittivitet, tidlegare kalla dielektrisitetskonstant, syner til forholdet mellom permittiviteten for eit stoff og permittiviteten for det tomme rommet. Denne storleiken er eit mål for evna ein isolator har til å bli elektrisk polarisert. Den relative permittiviteten vil vanlegvis variere med mellom anna temperatur og trykk. Kapasitansen for ein elektrisk kondensator er proporsjonal med den relative permittiviteten for isolasjonsmaterialet mellom kondensatorplatene.
Sjå òg
endreKjelder
endre- relativ permittivitet. (20.10.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/relativ_permittivitet