Toppindustrisenteret
(Omdirigert frå DigitalNorway)
Toppindustrisenteret AS er ei ikkje-profitt serviceverksemd som arbeider for auka digitaliseringskompetanse blant norske små og mellomstore offentlege og private verksemder. Føremålet med Toppindustrisenteret er auka lønnsemd, verdiskaping og konkurransekraft blant kundane. Dei vil syte for utveksling av kompetanse på tvers av bransjar, regionar og forsking-næringsliv. Selskapet vart skipa i 2016, starta opp året etter, og er marknadsført under namnet DigitalNorway. Femten norske selskap står bak med styring og finansiering av verksemda.
Kjelder
endre- «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret, Toppindustrisenteret AS». Brønnøysundregistrene. Henta 8. november 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- «Om oss». DigitalNorway. Henta 8. november 2020.