Profitt

vinning eller avkastning ein oppnår

Profitt (frå latin profectus som tyder framgang) er ei vinning eller avkastning ein oppnår. Økonomisk profitt er at ei investering gjev meir attende til investoren en det som er investert. Profitt i ein rekneskap er den positive skilnaden mellom det det kostar å produsere ei vare eller teneste, og det ein får betalt for sal av vara eller tenesten. Ein profitør er ein som tenar umoralsk særs mykje på ei verksemd.

Med profitt set ein igjen med midlar etter ein handel. (Vekslarparet av Quinten Massijs)

Det motsette av profitt er tap.

Ordbok Denne artikkelen inneheld berre ein ordboksdefinisjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å leggje inn meir innhald.