Fredrikke Eger (fødd 7. november 1943), kjend som Dikke Eger, er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Stabekk i Akershus som i tida 1961-67 vann seks gullmedaljar i norske meisterskap. Ho var medlem i Stabæk IF.

Dikke Eger


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1943 (80 år)
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964

Eger vart norsk meister i slalåm 17 år gamnmal då NM i alpine greiner 1961 fann stad på Rjukan, der ho også tok sølvet i utforrennet. Året etter kom ho på sølvplassen i både slalåm og storslalåm under noregsmeisterskapen i Ørsta, begge gongane slått av Liv Christiansen. I 1964 tok ho bronse i NM-storslalåmen i Hemsedal. To år seinare vann Eger eit suverent NM-gull ved NM 1966 på Oppdal og vart trippelmeister etter sigrar i storslalåmtevlinga og i kombinasjonen. Under den nasjonale meisterskapen på Voss i 1967 vann ho slalåmrennet og kombinasjonstevlinga, etter ein andreplass i storslalåm. I sitt siste meisterskap, NM i alpine greiner 1969 i Hemsedal, fekk ho med seg sølvmedaljen i slalåmen og bronsen i storslalåm.

Eger deltok i dei olympiske vinterleikane både i 1964 i Innsbruck og 1968 i Grenoble, begge gongane hamna ho langt nede på resultatlistene. Mykje betre gjorde ho det under verdsmeisterskapen 1966 i Portillo der ho vart nummer ni i slalåmtevlinga.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.