Opna hovudmenyen

«Vårsøg» er eit dikt av Hans Hyldbakk skrive i januar 1945. Det blir rekna som Hyldbakks mest kjende dikt ved sidan av «E slåttatæja». Henning Sommerro skreiv som tenåring ein melodi til diktet, som deretter vart særs kjend i heile Noreg.

Ordet vårsøg tyder den susinga av vind og rennande vatn som kan høyrast om våren, til dømes frå dalsidene, åsane og liene, og som på sitt vis markerer at ljoset og varmen har sigra over vinterkulda og mørkret. Hyldbakk skreiv dette diktet mot slutten av andre verdskrigen, og det heiter seg at «våren» i teksten er ein metafor for frigjeringa frå tysk okkupasjon som i januar 1945 berre var nokre månader unna. Slik skal diktet vera ei hyllest til fred.

Alexander Rybak har ein engelsk versjon av diktet/songen («If You Were Gone») på albumet Fairytales.