Metaforar er ord eller uttrykk som ein brukar med «overført tyding». Det vil seie at ein skriv eller snakkar om éin ting for å uttrykkje ein annan.

Bokstavleggjering av metaforiske uttrykk

Ein metafor blir tradisjonelt – og i samsvar med klassisk retorikk – definert som ei overføring av eit ord eller eit uttrykk frå den primære, bokstavlege bruken deira til ei ny, biletleg tyding, slik at det er ein slags likskap mellom dei to tydingane. Eit døme finst i setninga Den påstanden kan eg ikkje svelgje. Verbet svelgje tyder bokstavleg 'med ei muskelrørsle i svelget føre mat, drikke o l ned i matrøyret',[1] men i denne setninga tyder det nærmast 'godta'. Verbet svelgje er ført over frå eit bruksområde som gjeld det å føre mat ned i magen til eit bruksområde som gjeld det å føre idear inn hovudet. Ideane blir jamførte med maten, hovudet (eller hugen) med magen og godtakinga med svelgjinga. Ein nærskyld metaforisk språkbruk har vi når vi seier Dette må eg tyggje litt på. Verbet tyggje tyder bokstavleg 'knuse, male, elte (mat) med tennene', medan det her er nytta i tydinga 'tenkje over litt'. Det å tenkje over ein idé før ein godtek han, blir jamført med det å tyggje maten før ein svelgjer han.

Ein metafor må kontrasterast med ein metonymi, der ein i staden for det ordet ein meiner, set eit anna som det har ein viss samanheng med i til dømes rom, tid eller årsak. Eit døme på metonymi har vi når vi nyttar namnet Henrik Ibsen om verka til denne forfattaren i staden for om personen sjølv: Henrik Ibsen finn du på øvste hylle.

Etymologi endre

Ordet metafor kjem av klassisk gresk μεταφορά metaphorá 'overføring', av verbet μετα-φέρειν meta-phérein 'over-føre, føre over, bere over (til ein annan stad)'. Ordet blei omsett til latin som trāns-lātiō 'overføring', av verbet trāns-ferō 'eg over-fører'.[2]

Metaforar i daglegtale og sakprosa endre

 
Skogens konge er ein metafor for elg.

Det er ei utbreidd misforståing at metaforar i fyrste rekkje er eit litterært hjelpemiddel og at ein primært finn metaforisk språkbruk i skjønnlitteraturen, men både daglegtalen og vitskapleg sakprosa er full av metaforiske uttrykk og metaforisk tenkjemåte.

Den metaforiske bruken av verba svelgje og tyggje som er omtala i innleiinga, er henta frå daglegtalen, og i artikkelen om atom på Nynorsk Wikipedia finn ein denne setninga: Eit atom er bygd opp av ein positivt lada atomkjerne og ei rekkje negativt lada elektron som svermar omkring atomkjerna, der verbet sverme er nytta metaforisk. Dette verbet har ei bokstavleg tyding 'flyge i sverm', som primært blir nytta om visse typar insekt, som bier og flygemaur, men i den siterte setninga skildrar det rørsler til elektron kring ein atomkjerne. Atomfysikarane er opptekne av kva for metaforar som er mest høvelege for å skildre atomet - jamfør til dømes Wikipedia-artikkelen orbital.

Metaforar i ulike språk endre

 
Hest
Hovudartikkel: Metaforar i ulike språk

Metaforisk språkbruk er vanleg i alle språk i verda, og viser noko av kreativiteten i menneskeleg tenkjemåte og evna vår til å «sjå» eller etablere likskap mellom ovringar som i utgangspunktet ikkje har noko med einannan å gjere; jamfør artikkelen Kognitiv metaforteori og avsnittet med same namnet nedanfor.

Sykkelterminologi på fulfulde endre

 
Sykkel.

Maasina-dialekten av det vestafrikanske språket fulfulde har dei teke i bruk nemningar frå hesten for å snakke om sykkelen. Ordet for 'sykkel' er puccel njamndi, som bokstavleg tyder 'liten hest av jarn' (puccel 'liten hest' er diminutiv av puccu 'hest'; njamndi tyder 'jarn'). Tabellen under viser korleis fire andre nemningar knytte til hesten har blitt tekne i bruk for å snakke om sykkelen. Substantiva koyngal, yitere og kirke tyder høvesvis 'fot, bein', 'auga' og 'sal' når ein snakkar om hesten. Dette er dei bokstavlege tydingane. Når ein snakkar om sykkelen, tyder dei same tre substantiva høvesvis 'hjul', 'lykt' og 'sete'. Dette er dei overførte eller biletlege tydingane. Endeleg har vi verbet waƴƴaade, som har den bokstavlege tydinga 'ri' når ein snakkar om hesten og den overførte eller biletlege tydinga 'sykle' når ein snakkar om sykkelen. Dette siste har ein parallell i engelsk, der det heiter to ride a bike 'å sykle', bokstavleg «å ri ein sykkel».

ORDFORM BOKSTAVLEG TYDING
puccu
'hest'
BILETLEG TYDING
puccel njamndi
'sykkel'
koyngal 'fot, bein' 'hjul'
yitere 'auga' 'lykt'
kirke 'sal' 'sete'
waƴƴaade 'ri' 'sykle'

Ulike metaforteoriar endre

Tre viktige metaforteoriar som blir drøfte nedanfor, er:

  • 1. Klassisk metaforteori
  • 2. Metaforteorien til Roman Jakobson
  • 3. Kognitiv metaforteori

Klassisk metaforteori endre

Klassisk metaforteori er ein del av klassisk retorikk, det vil seie antikkens greske og romerske retorikk.

Å sjå noko likt i noko ulikt endre

Metaforen inneber i denne teorien ei samanlikning, ein ser noko likt i noko ulikt. Den fyrste teoretikaren var Aristoteles, som omtala metaforen i verka Retorikken og Poetikken. I Retorikken (III.4.1) skriv Aristoteles om Iliaden (20.164), der forfattaren omtalar Akhillevs som løva, og på det viset implisitt jamfører Akhillevs med ei løve, fordi båe er modige. Ordet løva blir her nytta metaforisk.[3]

Metafor mot simile endre

Hadde forfattaren av Iliaden i staden skrive at Akhillevs oppførte seg som ei løve, hadde vi ikkje hatt ein metafor, men ein simile, som er ei eksplisitt jamføring.

Katakhrese og allegori endre

Ein katakhrese er ein såkalla naudsynt metafor. Når vi overfører eit ord eller eit uttrykk frå den normale bruken A til ein samanheng som framkallar ei ny, biletleg tyding B, slik at det er ein slags likskap mellom dei to tydingane, er det ein katakhrese dersom det frå før av ikkje fanst noko ord eller uttrykk med tyding B. Når vi snakkar om foten av fjellet, nyttar vi fot om noko som ikkje har noko anna namn, så dette er ein katakhrese. Legg merke til at sykkelnemningane i fulfulde som er omtala lenger oppe, er døme på katakhrese innanfor denne teorien.

 
Allegori over kronsprinsesse Josefinas framkomst til Sverige i 1823

Ein allegori er ein «metafor i forstørra utgåve», ei heil forteljing som kan lesast på to plan, eit bokstavleg og eit allegorisk eller metaforisk. Eit velkjent døme er Pilegrimens vandring (1678) av John Bunyan.

Metafortypar endre

Metaforteorien til Roman Jakobson endre

Den russiske lingvisten Roman Jakobson (1896-1982) utvikla ein metaforteori på grunnlag av strukturalismen. Han sette metafor i kontrast til metonymi ved å kople metaforen til den paradigmatiske relasjonen og metonymien til den syntagmatiske relasjonen. Ein paradigmatisk relasjon er ein relasjon mellom einingar som kan erstattast med kvarandre, og Roman Jakobson knytte den metaforiske likskapsrelasjonen til denne relasjonen. Ein syntagmatisk relasjon er ein relasjon mellom einingar som fylgjer etter kvarandre i tid eller rom, og Roman Jakobson knytte den metonymiske nærleiksrelasjonen (nærleik i tid, rom eller årsak) til denne relasjonen.

Kognitiv metaforteori endre

For meir om dette emnet, sjå Kognitiv metaforteori.

Kognitiv metaforteori er metaforteorien som er utvikla innanfor kognitiv lingvistikk, og teorien blei fyrst presentert av dei amerikanske forskarane George Lakoff (lingvist; 1941-) og Mark Johnson (filosof; 1949-) i boka Metaphors We Live By (1980).[4] Nedanfor fylgjer ein gjennomgang av nokre hovudpunkt i kognitiv metaforteori.

Metaforen er eit konseptuelt fenomen endre

Ein hovudtese i denne teorien er at metafor ikkje er eit språkleg fenomen, men eit konseptuelt fenomen, og for å understreke dette perspektivet, nyttar ein nemninga konseptuell metafor. Ein konseptuell metafor er ein særskild måte å tenkje på.

Kjeldedomene og måldomene endre

I innleiinga er det ei skildring av ein metaforisk bruk av verba svelgje og tyggje, og det står mellom anna: "Verbet svelgje er ført over frå eit bruksområde som gjeld det å føre mat ned i magen til eit bruksområde som gjeld det å føre idear inn hovudet." Desse «bruksområda» blir i kognitiv metaforteori kalla domene eller konseptuelle domene, det vil seie samanhengande delar av førestillingsverda vår. To konseptuelle domene er involverte i ein konseptuell metafor: eit kjeldedomene og eit måldomene, og dei kan definerast slik:[5]

I den konseptuelle metaforen SYKKELEN ER EIN HEST er EIN HEST kjeldedomenet og SYKKELEN måldomenet. Dei metaforiske uttrykka med verba svelgje og tyggje nytta høvesvis i tydingane godta og tenkje over er baserte på den konseptuelle metaforen IDEAR ER MAT, der MAT er kjeldedomenet og IDEAR måldomenet. Ofte er måldomenet meir abstrakt og komplekst enn kjeldedomenet, og det heng saman med eit ålment drag ved menneskeleg tenkjing: Vi forstår det abstrakte og komplekse på grunnlag av det konkrete og enkle.

Ikkjespråklege metaforiske uttrykk endre

 
Eit bilete som metaforisk uttrykk: Britiske politikarar tvingar «Amerika», framstilt som ei indiansk kvinne, til å «svelgje» lover dei har vedteke.

Det nemnde skiljet mellom konseptuell metafor og metaforisk uttrykk blir understreka av at metaforiske uttrykk ikkje treng å vere språklege. Ikkje-språklege metaforiske uttrykk finst det fleire typar av, mellom anna bilete (teikningar, målarstykke) og musikk. Teikninga til høgre er eit døme på det fyrste. Ho viser britiske politikarar som tvingar «Amerika», framstilt som ei indiansk kvinne, til å «svelgje» lover dei har vedteke. Teikninga byggjer på to konseptuelle metaforar, IDEAR ER MAT og EIT LAND ER EIN PERSON. Det siste er eit døme på den metafortypen som i klassisk retorikk går under namnet personskaping eller personifikasjon [6]), det at omgrep og ting blir framstilte som talande og handlande personar.[7]

Fotnotar endre

  1. Definisjonen av tydinga til svelgje er henta frå Nynorskordboka, «svelgje» i Nynorskordboka.
  2. Jf. Tormod Eide 1990. Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.
  3. S. 72 i Øivind Andersen 1995. I retorikkens hage. Oslo: Universitetsforlaget.
  4. George Lakoff og Mark Johnson 1980. Metaphors We Live By. Chicago og London: The University of Chicago Press. Boka finst i norsk (bokmål) omsetjing: George Lakoff og Mark Johnson 2003. Hverdagslivets metaforer. Fornuft, følelser og menneskehjerne. Omsett av Mie Hidle. Oslo: Pax Forlag A/S.
  5. Jf. s. 252-253 i Zoltán Kövecses 2002. Metaphor. A Practical Introduction. Oxford: Oxford University Press.
  6. § 425 i Heinrich Lausberg1963. Elemente der literarischen Rhetorik. München: Max Hueber Verlag.
  7. Tormod Eide 1990. Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.