Dilettant (frå italiensk dilettare, 'glede (seg), nyta', eigentleg 'ein som nyt') er opphavleg ei italiensk nemning på ein aristokrat som engasjerer seg i vitskap, kunst, kultur, litteratur og andre interesser som tidtrøyte. Omgrepet kan samanliknast med amatør; det viser til ein person som syslar med eit fag utan å ha sakkunnskap.[1] Gjennom renessansen og opplysingstida har dilettantar hatt stor tyding både som mesenar (velgjerar) og tenkjarar.

Dagens tyding på norsk er hovudsakleg den same som for ordet amatør, og dermed mest nedlatande. Ordet kan visa til ein som «fuskar i faget» eller ein forfattar som i stil, tankegang og talent er uhjelpeleg overflatisk.[2]

Referansar endre

  1. «Dilettant»
  2. Aarnes, Asbjørn (1977): Litterært leksikon, 3. utg., Oslo: Tanum-Nordli, s. 44