Dina Garipova

russisk songar

Dina Fagimovna Garipova (fødd 25. mars 1991 i Zelenodolsk) er ein russisk songar.

Dina Garipova

Fødd25. mars 1991
FødestadZelenodolsk i Tatarstan i Sovjetunionen (no Russland)
FødenamnDina Fagimovna Garipova
russisk Дина Фагимовна Гарипова
tatarisk Динә Фәһим кызы Гарипова
latin Dinä Fähim qızı Ğäripova
AliasDina Garipova
OpphavRussland
Aktiv1999
Sjangerpop, romanse, soul, crossover
Instrumentvokal
Verka somsongar
PrisarÆret kunstner av republikken Tatarstan

Eurovision endre

Eurovision Song Contest 2013 endre

Garipova vart vald internt av Pervyj Kanal til å representere Russland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige med songen «What If». Songen vart framført på engelsk, og starta i den fyrste semifinalen, der bidraget enda på andreplass med 156 poeng; tolv frå Danmark, ti frå Austerrike, Estland, Slovenia, Litauen, Kviterussland, Irland, Kypros, Sverige og Storbritannia, åtte frå Kroatia og Moldova, sju frå Ukraina, Nederland, Montenegro og Belgia, seks frå Serbia og fire frå Italia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på andreplass med ei rangering på 3,89 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på andreplass med ei rangering på 3,74. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på femteplass med 174 poeng; tolv frå Estland og Latvia, ti frå Storbritannia, Irland og Slovenia, åtte frå Kviterussland og Serbia, sju frå Litauen, Moldova, Armenia, Danmark, Montenegro og Israel, seks frå Frankrike, Spania, Georgia, Kroatia og Makedonia, fem frå Sverige, Kypros og Bulgaria, fire frå Belgia, Nederland og Ukraina, to frå Finland og Tyskland og eitt frå Island. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget femteplass med ei rangering på 6,84 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tiandeplass med ei rangering på 9,64.[1]

Etter at songen vart presentert på russisk fjernsyn før Eurovision Song Contest rapporterte fleire medium at songen kunne vere plagiat av «Skin on Skin» av Sarah Connor, «Pozwól życ» av Gosia Andrzejewicz, «All Over The World» av Brian Kennedy og «Carried Away» av Hear'Say.[2][3][4] Leonid Gutkin, ein av dei som komponerte det russiske bidraget, avviste plagiatskuldingane.[5]

Då Aserbajdsjan ikkje gav poeng til det russiske bidraget, sjølv om Russland truleg kom på andreplass i telefonrøystinga til Aserbajdsjan, ville den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev ha ei gransking. Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov hevda at resultatet hadde vorte forfalska, og sa: «Denne opprørande handlinga vil ikkje gå utan eit svar». Han lova ein korrigert respons med den aserbajdsjanske utanriksminsteren Elmar Məmmədyarov. Samstundes hevda den kviterussiske presidenten Alexander Lukashenko at røystene måtte ha vorte forfalska av di Kviterussland ikkje fekk nokre poeng frå Russland.[6]

Merknadar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 15. september 2013. 
  2. «Песня России для Евровидения 2013 подверглась критике в Интернете» (på russisk). novosti.az. Henta 15. september 2013. 
  3. «Песня Дины Гариповой для конкурса «Евровидение» подозрительно напоминает Skin on Skin Сары Коннор» (på russisk). Paparazzi.ru. Henta 15. september 2013. 
  4. Filimonov, Mikhail. «Дину Гарипову опорочила протеже экс-мужа Валерии» (på russisk). Экспресс-Газеты. Henta 15. september 2013. 
  5. Mikheev, Andy. «Russia at Eurovision Song Contest 2013». ESCKaz. Henta 15. september 2013. 
  6. «Russia: Azerbaijan's Eurovision snub 'outrageous'» (på engelsk). BBC News. Henta 15. september 2013.