Tatarstan
Tatarstan (tatarsk: Татарстан Республикасы eller Tatarstan Respublikası; russisk: Республика Татарстан eller Татария) er ein delrepublikk i Russland, og eit av dei russiske føderasjonssubjekta. I 2010 hadde republikken 3 786 400 innbyggjarar. Hovudstaden er Kazan, og sidan 2010 har Rustam Minnikhanov vore president.[2]
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Kazan | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 47. 67 836 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 8. | ||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Povolzjyje | ||||
Regionsnummer | 16 | ||||
Offisielt språk | Russisk, Tatarsk | ||||
President | Rustam Nurgalijevitsj Minnikhanov | ||||
Nasjonalsong | Tatarstans hymne | ||||
Tidssone | UTC +0300 |

Geografi endre
Tatarstan ligg på den aust-europeiske sletta, om lag 800 kilometer aust for Moskva. Elvene Volga og Kama møtest her. Andre store elver er Belaja og Vjatka, som begge renn ut i Kama. Republikken strekkjer seg 290 kilometer frå nord til sør, og 460 kilometer frå aust til vest. Han er 67 836 km², og er omtrent like stor som Hedmark, Oppland og Buskerud til saman. Landskapet er hovudsakleg flatt, med nokre låge høgdedrag. 90 % av arealet ligg under 200 meter over havet. 16 % er skogkledd.
Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen er -14 grader celsius i januar og 19 grader celsius i juli.
Republikken har store oljeressursar.
Folkesetnad endre
Dei største byane i Tatarstan er hovudstaden Kazan (1 144 000 ibuarar), Naberezjnyje Tsjelny (513 200), Nizjnekamsk (234 000) og Almetjevsk (146 400).[1]
Majoritetsbefolkninga er tatarar, men russarane utgjer ein stor minoritet. Offisielle språk er russisk og tatarsk. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
- Tatarar: 53,2 %
- Russarar: 39,7 %
- Tsjuvasjar: 3,1 %
Kjelder endre
- ↑ 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
- ↑ «Rustam Minnikhanov», World Economic Forum (på engelsk), henta 23. oktober 2022
Bakgrunnsstoff endre
- Tatarstan sine offisielle heimesider Arkivert 2018-01-18 ved Wayback Machine. på russisk, tatarsk og engelsk.