Dingevågen
61°01′37″N 05°02′36″E / 61.02694°N 5.04333°E
Dingevågen er ei bukt i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg på sørsida av Sognesjøen og er 1,2 kilometer lang og 3-400 meter brei. Inst i vågen ligg bygda Dingja. Her ligg òg munningen av Dingjaelva.