61°1′6.1932″N 4°51′11.556″E / 61.018387000°N 4.85321000°E / 61.018387000; 4.85321000

Sognesjøen
Utsyn over Sognesjøen
Foto: John Erling Blad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen, Solund
Kart
Sognesjøen
61°01′00″N 4°51′00″E / 61.01666667°N 4.85°E / 61.01666667; 4.85
Utsyn over Sognesjøen frå Riseskåra
Foto: Nina Aldin Thune

Sognesjøen er den ytste delen av Sognefjorden som ligg mellom Gulen i sør og Solund i nord. Fjordstykket har ei lengd på om lag 35 km og strekkjer seg frå holmane Storesvalene nord for Holmengrå fyr og inn til Tollesundet ved kommunegrensa til Hyllestad. Begge sidene av fjorden er prega av mange øyar og holmar.

Sognesjøen er 200-1.300 meter djup, djupast i vest og nord. Den har fjordvatn i øvre lag, kystvatn i midtre lag, og atlantisk havvantn i de dypere vasslaga. I øygarden i Gulen ligg Sognesjøen havforskningsstasjon, ein av åtte faste stasjonar under Havforskningsinstituttet. her måles temperatur og salinitet i ulike djup.

Geografi endre

På nordvestsida i Solund kommune ligg Nautøyna, heilt i vest dei verna øygruppene Indrevær og Utvær med Utvær fyr – det mest vestlege i Noreg. Innanfor desse øygruppene går Straumsfjorden nordover og vert avgrensa i aust av Ytre Sula og dei andre storøyane i Solund: Steinsundøy, Nesøyna, Sula og Losna. Mellom Ytre Sula og Steinsundøya ligg ytre Steinsund, medan indre Steinsund ligg mellom Steinsundøya og Sula. Nessefjorden strekkjer seg nordover mellom Nesøyna og Sula, medan Krakehellesundet strekkjer seg nordover mellom Sula og Losna til Tollesundet og vidare til Åfjorden.

På søraustsida i Gulen kommune er dei største øyane Hille og Hisarøyna. På sørsida av Hiserøyna er utløpet av Gulafjorden som har innløp mellom alle øyane og holmane, og som dominerar Gulen kommune austover. Heilt sør i Sognesjøen ligg øygruppa Vassøyane og skapar ei havbukt frå Sogneoksen og innover som er kalla Djuposen.

I 1809 drukna fire menn frå Tynning, Instefjord og Oppedal på Sognefjorden under ei reise over til Lavik. I 1815 drukna tre menn frå Fallebø og Brosvik på Sognesjøen.

Botnforhold og geologi endre

Sognesjøen har særs variert havbotn og geologi. I nordaust mot Hyllestad er botnen djup og jamn, med granittisk gneisbotn i grunnfjellskjoldet. Sognefjorden er ein terskelfjord med tidlegare smeltevassløp, og kor ismasser har brakt med seg store mengder sand og grus utover botnen og avsett dei som ein undersjøisk morenerygg i utløpet, ved overgangen til Sognesjøen. Frå 2800 meters djup reiser det seg ein 1500 meter høg morenerygg som vert brote av ei djuprenne langs nordkysten (Hyllestad-sida).

Heilt ut til midten av Sognesjøen, ved sørspissen av Store Sula (Solund) og Hisernøya, er djupet 700–950 meter. Botnen tar form av ei djuprenne forma av smeltevatn i tidlegare istider, slik som òg i Sognefjorden. Deretter vert sjøen eit stykke djupare og inntil 1298 meter djup mellom Ytre Sula og Hille. Denne djuphavsrenna fortsettar smalt utover langs resten av nordkysten og dei ytre øyane i Solund. Utanfor Hille-Sula-linja vert derimot Sognesjøen grunn langs sørkysten og øygruppene i Gulen kommune – med eit stort tal holmar og skjer og elles grunner under 200 meter, omgitt av djupe sprekkdanningar. Her ute går nordkanten av dei kaledonske dekka der fjellkjedefoldinga støyter mot det hardare grunnfjellskjoldet i nord. Vassøyane og nokre andre ytre øygrupper er devonske avsetningar på kaledonske massar.

Kystlei og fiske i Sognesjøen endre

Rekna frå søraust mot Vassøyane og Fensfjorden, og innover fjorden mot Sognefjorden og deretter ut langs Solund-øyene mot sørvest, finn vi følgjande viktige fyranlegg, med angitt høgd over havet i meter (m), lysvidde i nautiske mil (nm), og fargar:[1]

Større ankringsplassar og marinaanlegg finst i Gulen ved Bardvågen (Byrknesøy), Grønøyna, Koksøy, Eivindvik, Ramsvik (Hisernøya), i Hyllestad ved Svartnes og Risnesøy, og i Solund ved Guleskjeret (Nesøyna), Steinsundvika (Steinsundøyna), Trovågen (Ytre Sula) og Lyngøy (Indrevær). Talet på anlegg for fiskeoppdrett som vender mot Sognesjøen er 20 i Gulen, 1 i Hyllestad, og 16 i Solund.

Frå gamalt har det vorte eit rikt krabbe- og hummerfiske i Sognesjøen. Bårøy og Byrknesøy hadde viktige handelsplassar for omsetjing av skalldyr og fisk. Det var eit rikt sildefiske ut av Sognesjøen, men det gjekk kraftig attende på 1870-talet og 1960-talet. Langs Sognefjorden har tradisjonen med kombinert fiske og sauehald (fiskarbonden) vore ein viktig overlevingsstrategi under dei mange naudsåra på 1800-talet.

Fuglevern ved Sognesjøen endre

Sognesjøen er avgrensa av øygrupper med meir enn 200 småøyar og skjer, og mange av desse er verdfulle hekke- og trekkplassar for sjøfuglar og vadefuglar. Her finn vi mellom anna svartand, siland, brunnakke, ærfugl, grågås og noko meir sjeldan òg raudnebbterne, strandsnipe, toppskarv og unntaksvis teist og hubro.[2]

Regjeringa vedtok i 1993 Verneplan for sjøfugl som anviste 57 fuglereservat på i alt 11 km² langs kysten av Sogn og Fjordane, av det 10 reservat ved Sognesjøen.[3] Utover 10 sjøfuglreservat er det eit våtmarksreservat og eit myrreservat. Det er ingen landskapsvernområde i Ytre Sogn.

I Gulen er Vassøyane naturreservat heilt i sør det einaste våtmarksreservatet i området, kor alle dei hundre Vassøyane er verna. Vest for Vassøyane ligg eit stort tarefelt som er viktig for ærfugl. Elles er det fem sjøfuglreservat i Gulen: Ramsbarden naturreservat, Kvernøyna naturreservat, Sogneoksen naturreservat, Guleskjeret naturreservat, Lihellene naturreservat på i alt 2160 dekar.[4] Grima naturreservat ligg inne i Byrknesøygruppa og har eit av fylkets tjue verna myrområde.[5]

I Solund ligg heilt vest Utvær naturreservat og Indrevær naturreservat med talrike fuglefjell. På sørspissen av Steinsundøy ligg det lille Oddeholmane naturreservat, og på sørspissen av Losna Torsholmane naturreservat. Dei to sistnemnte ligg ut mot sjølve Sognesjøen.

Det har sidan 2004 vore sterk svikt i bestanden av bl.a. gråmåse, raudnebbterne, toppskarv og teist.[6] Miljøvernmyndigheitane i fylket konkluderer at nedgangen her og i områda kring Nordsjøen elles skyldast næringssvikt som følgje av overfiske, med fråfall av tobis i Nordsjøen frå 2004.[7] Forlisa av Mercantil Marica (1989) og Server (2008) ved Fedje fekk derimot ikkje store følgjer for fuglelivet, men ferdsel har redusert toppskarven på Utvær.[8]

Nedanfor vert dei viktegaste sjø- og vadefuglartane angitt med talet hekkande par talt i 2007 eller 2008. Dei vert angitt for kvart fuglereservat (landareal i dekar) rekna frå søraust innover Gulensida og utover Solundsida til ytre Sognesjøen i sørvest:[9]

Elles har selartane havert og steinkobbe yngleplassar i Sognefjorden, mellom anna på Utvær og Indrevær. I havet kan ein og unntaksvis treffa på vågekval, seikval, finnkval, knølkval, nise, kvitskjeving og grindkval.

Referanser endre