Dingsør Dome
Dingsør Dome er ei lita, markant og isdekt høgd inn frå kysten, 20 km sør for Point Williams i Mac. Robertson Land. Høgda vart oppdaga i februar 1931 av British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition (1929–31) under Douglas Mawson, og vart namngjeven av Mawson etter kaptein Dingsør, ein norsk kvalfangstinspektør som var ombord på «Kosmos» (kaptein Hans Andresen) i Antarktis det året. «Kosmos» gav kol til skipet til Mawson, «Discovery» den 29. desember 1930.[1]
Dingsør Dome | |||
iskalott | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Mac. Robertson Land | ||
- koordinatar | 68°1′S 67°43′E / 68.017°S 67.717°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Dingsør Dome 68°01′00″S 67°43′00″E / 68.0167°S 67.7167°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Dingsør Dome». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dingsør Dome» (innhald frå Geographic Names Information System).