Dionysosteateret
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Dionysosteateret like ved Akropolis i Aten var eit viktig friluftsteater i Hellas i antikken, og eit av dei tidlegast verna områda frå det klassiske Aten. Det vart brukt til festivalar til ære for guden Dionysos. Greske teater i oldtida var i mange tilfelle av enorme dimensjonar, men under ideelle tilhøve publikumsmessig og vêrmessig, var akustikken perfekt (målt med dagens instrument). Det er kjent at Dionysosteateret i Aten hadde plass til 17 000 tilskodarar, og teateret i Epídavros kan framleis romma 14 000.[1] I gresk tradisjon vart det hevda at Dionysos sjølv var ansvarleg for bygginga.
Dionysosteateret | |||
| |||
Opna | 5. hundreåret f.Kr. | ||
---|---|---|---|
Stil | Gresk arkitektur | ||
Dionysosteateret 37°58′13″N 23°43′40″E / 37.970404°N 23.727777°E |
Skråninga på sørsida av Akropolis har to teater, Dionysosteateret og Herodes Atticus (gresk: Iródis o Attikós). Dionysosteateret er ikkje så godt verna som det andre, men har hatt større tyding. Strukturen kan verta attende datert til 300-talet f.Kr. Det har hatt fleire seinare renoveringar. Etter athensk tradisjon markerte Dionysosteateret byrjinga på gresk teatertradisjon. Teateret utvikla seg til ei religiøs feiring til ære for guden Dionysos. Teateroppføringane utvikla seg etterkvart til konkurransar i Dionysos si and. Vinnaren fekk gjerne premiar, tripoder. Vinnaren sin tripod kunne plasserast i teateret, eller langs gata til teateret.[2]
Historie
endrePlasseringa til Dionysosteateret, på den sørlege skråninga under Akropolis har vore kjent sidan 1700-talet. Det greske arkeologiske selskapet byrja å grava ut restane i 1838 og gjennom det meste av 1800-talet. Tidlege ruinar i området som kan knyttast til Dionysos har vorte datert 500-talet f.Kr. under Peisistratos' regjering og hans etterfølgjarar, men teateret var tydelegvis ikkje bygd på staden før eit hundreår seinare. Det einaste sikre bevis på dette tidlege teateret er nokre få steinblokker som var vorte nytta på nytt på 300-talet f.Kr.[3]
På 500-talet f.Kr. vart det i halde tilstellingar knytte til dionysia (Dionysosfestivalar) i agoraen i Aten med tilskodarar på trebenker plassert på ein tribune (ikria) som var sett opp i eit sirkulært område (orkhestra). Tribunen kollapsa tidleg på 400-talet f.Kr., ei hending som er omtalt i gamle kjelder. Etter kollaps av tribunen vart drama- og musikkonkurransar flytta til Dionysosteateret under Akropolis.
Teatereret var vigd til Dionysos, vinguden og vernaren til dramaet som var vert for Dionysosfestivalen. Blant dei som konkurrerte var antikke greske dramatikarar som fleire verk har overlevd etter, først og fremst Aiskhylos, Sofokles, Evripides, Aristofanes og Menander. Tragediane var tileigna atenarane med festivalar som vart iscenesett spesielle tider på året. Desse dramafestivalane der skodespelarar konkurrerte involverte fire skodespel, tre tragediar og ein satire med eit lettare tema. Dei fire verk var ofte lenkja til dei tre tragediar og danna ein trilogi, slik som Orestien av Aiskhylos. Denne berømte trilogien (med tragediane Agamemnon, Sonofferet og Eumenidene) vann konkurransen i Dionysosteateret for året 458 f.Kr. Stykka fortel den fryktelege historia om kong Agamemnon av Mykene som vert drepen av kona si, om hemnen til sonen Orestes mot mor si, og rettssaka mot Orestes i Athen.
Restaurering
endre24. november 2009 annonserte greske styresmakter at dei ville delvis restaurera Dionysosteateret. Den greske kulturministeren annonserte eit program til ni millionar, med planlagd ferdigstilling i 2015.[4][5]
Kjelder
endre- ↑ Montgomery, Henry C. (mars 1959): «Amplification and High Fidelity in the Greek Theater» i: The Classical Journal 54 (6), s. 242-245.
- ↑ Gates, Charles (2011): Ancient Cities, New York: Routledge, s. 263-264.
- ↑ Travlos, John (1971): Pictorial Dictionary of Ancient Athens.
- ↑ «2,500-year-old Greek theatre under the Acropolis to be restored», The Guardian, 25. november 2009
- ↑ «Acropolis South Side», Athens Information Guide
- Denne artikkelen bygger på «Dionysosteateret» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2018.