Synsnervepapill

(Omdirigert frå Discus nervi optici)

Synsnervepapillen, synsnervehovudet eller berre papillen (av latin «papilla nervi optici» eller «discus nervi optici»), er eit punkt der aksona i ganglieceller forlét auga.[1] Det finst ingen tappar eller stavar over synsnervepapillen, så den svarar til ein liten fysiologisk blindeflekk i begge augene.

Innsida av den bakre halvdelen av augeeplet. Venene er mykje mørkare enn pulsårene.
Den terminale delen av synsnerva og inngangen til augeeplet vist i eit horisontalt tverrsnitt.

Aksona i gangliecellene former synsnerva etter at dei har forlate auga.[1] Synsnervepapillen merkar starten på synsnerva, og er ein møtestad for aksona i gangliecellene. Synsnervepapillen er òg inngangspunktet for dei store blodårene som forsyner netthinna. I eit normalt menneskeauga plar den å innehalda 1—1,2 millionar nerveceller frå auga til hjernen.

Anatomi endre

Papillen er plassert 3—4mm mot nasen frå fovea. Den er vertikalt oval med gjennomsnittlege dimensjonar på 1,76mm horisontalt og 1,92mm vertikalt.[2] Den har ein sentral konkavitet av varierande storleik kalla den optiske koppen.

Klinisk undersøking endre

Transparens i optiske medier er unikt for auga. Nesten alle strukturane i auga kan undersøkast med passande optisk utstyr og linser. Moderne og direkte oftalmoskop gjev innsyn i synsnervepapillen ved å utnytte prinsippet om reversibelt ljos. Biomikroskopisk undersøking med spaltelampe, kombinert med eit passande asfærisk fokus (+66D, +78D eller +90D), krevst for å få eit detaljert stereoskopisk bilete av synsnervepapillen og strukturar på innsida av auga.

Ei biomikroskopisk undersøking kan gje gode indikasjonar på helsa til synsnerva. Augespesialisten kan merke seg fargen, koppstorleiken (sjå CDR), skarpleiken i auga, heving, blødingar, skår i synsnervepapillen og andre uvanlege anomaliar. Det er nyttig når ein skal finne prov som støttar diagnosen av glaukom (grøn stær), synsnervebetennelse, iskemisk optikusnevropati, papilleødem (t.d. heving i synsnervepapillen grunna auka hjernetrykk), papilledruser og andre optiske nevropatiar.

I kvinner med avansert preeklampsi bør ein undersøke synsnervepapillen med oftalmoskop for å sjå etter auka hjernetrykk.

Bleik papille endre

Ein normal synsnervepapill varierer i farge frå oransje til rosa. Bleik papille blir brukt for å skildre ein synsnervepapill som varierer mellom oransje, lysrosa og kvit. Ein bleik papill kan tyda på sjukdom.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ringvold, Amund (14. februar 2009). «synsnervepapillen». Store norske leksikon. Henta 19. januar 2015. 
  2. Duane's Ophthalmology (2006). Chapter 4: Anatomy of the Visual Sensory System