Diskonformitet er to lag i geologi som er avsette direkte over kvarande utan diskordans, trass i at dei er fråskilde ved eit tidsintervall. Diskonformitetsflata mellom dei to laga har oppstått i ei tid då det ikkje vart avsett eller ikkje oppbevart sediment. Diskonformiteten kan ha oppstått ved at straum eller kjemiske tilhøve har hindra sedimentasjon, eller ved at dei alt avsette sedimenta vert fjerna. Sistnemnde kan skje når laga vert heva opp over havet.

Skisse av diskonformitet

Det er vanleg med både større og mindre diskonformitetar og dei spelar ei stor rolle i stratigrafien.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«diskonformitet» i Store norske leksikon, snl.no.