Sediment (av latin sedere, «å sitje») eller avsetjingar er små partiklar som kan verte transporterte av vatn eller eit anna medium, og som med tida legg seg ned på botnen til eit lag med faste partiklar, i vatn eller ei anna væske. Dessutan kan sediment vere lausmassar som er danna på staden ved forvitring. Etter svært lang tid kan sediment verte omdanna til sedimentære bergartar ved diagenese.

Sediment frå Rhône strøymer inn i Genfersjøen

Sediment vert danna på eller tett ved jordoverflata som resultat av dei ytre prosessane forvitring, transport og avleiring. Utsjånaden og samansetnaden er avhengig av utgangsmaterialet, det vil seie kva for bergartar som er forvitra, forholda under forvitring, transport og avleiring, og eventuell forandring (diagenese) etter avleiringa.

Sediment kan i tillegg til av vatn (havavsetjingar) også verte avsette og transporterte av vind (eoliske danningar) eller isbrear (glasiale danningar). Sanddyner i ørkenar er døme på eolisk transport av sediment. Morenebankar er istransporterte sediment. Alle sedimenttypane har ulike sedimenteringsfartar, og desse er avgjorde av kornstorleiken, volumet, tettleiken og forma til partiklane, samt viskositeten til vatnet, som varierer med temperaturen.

Sedimenta vert delte inn i klastiske (eller detritale), kjemiske, organiske og vulkanske sediment. Dei klastiske sedimenta er samansette av partiklar frå forvitra, eldre berggrunn, som rullestein, grus, sand, silt og leire, dei kjemiske er felt ut frå stoff som tidlegare har vore oppløyste i vatn (saltavleiringar, nokre typar kalkstein og dolomitt, gips, kiselavleiringar m.m.), dei organiske er torv og nokre typar kalkstein, medan dei vulkanske er tuffitt.

Prosessen der materiale legg seg til ro i eit lag på botnen vert kalla sedimentasjon eller avsetjing. Ordet vert fyrst og fremst brukt om sand og leire i vatn, men det kan også dreie seg om tyngre organiske partiklar.

Sedimenttransport endre

Elvar endre

I ei væske, til dømes vatn som renn, er det ei viss mengd partiklar som kan transporterast. Fallfarten til sedimentpartiklane kan ein finne ved å bruke Stokes lov:

 

w er fallfarten til sedimentpartiklane, ρ er tettleikane til partiklane (p og f er partikkel- og væsketettleik), g er gravitasjonsakselerasjonen og μ er den dynamiske viskositeten til væska.

Viss farten til straumen som går oppover er større enn fallfarten til sedimentpartiklane, vil sedimenta verte transporterte nedover elva i staden for å leggje seg som eit lag på botnen.

Teknisk bruk endre

Avløpsreinsing endre

Sedimentering vert også brukt til å reinse avløpsvatn. Når ein lèt vatnet passera eit basseng der straumen etter kvart minkar, søkk partiklane som følgjer med ned på botnen, der dei kan samlast opp. Oppløyste partiklar kan ikkje reinsast på denne måten utan at det er tilsett kjemiske stoff som får det til å skje ein fellingsreaksjon. Vanlege kjemiske stoff som vert tilsette er jern eller aluminiumssalt, ofte saman med polymer.

Medisin endre

Sedimenta er det ein etter sentrifugeringa av ei urinprøve ser på i mikroskop. Ein kan då eventuelt skilje ut raude og kvite blodlekamar og bakteriar, samt nokre gonger avtrykk frå dei indre strukturane i nyrene. Desse vert då kalla «sylindrar». Spesielle kvite blodlekamar vert ikkje farga av vanleg kontrastvæske, og vert då kalla SM-positive. Andre kvite blodlekamar kjem frå kronisk nyrebekkenbetennelse, og vert kalla «glitterceller». Desse er også SM-positive.

Sjå også endre

Kjelder endre