Diskusjon:Baruk

Siste kommentar: for 15 år sidan av Knut i emnet Baruk(h)/Baruch?

Baruk(h)/Baruch? endre

Er ikkje sikker på kva som er best her. Som støtteartikkel til eksisterande norske bibelomsettingar er nok Baruk bra. Men om artikkelen først og fremst dekkjer det hebraiskspråklege opphavet og ikkje-norskluthersk bruk (f.eks. Baruch Spinoza, Baruch Blumberg, Bernard Baruch, Baruch College osv., så vel som bruken av ordet i rituell samanheng (Barúkh attá...) o.a.) er ikkje bildet like klårt lenger... -- Olve Utne 29. desember 2008 kl. 16:13 (CET)Svar

Dei namneartiklane eg har skrive, har eg skrive med utgangspunkt i norsk bruk av namnet. «Baruk» er eit namn eg har sett i kyrkjebøkene, då skrive «Baruch», om eg minnest rett - men med gjeldande rettskriving vil slik -ch bli -k. Eg stussa på namnet, og trudde ei stund at Baruk og Barak var to skrivemåtar for same namnet. Men det ser det ikkje ut til å vere. Vi har før diskutert skrivemåten for namn bruka i Noreg, og eg har meint (og meiner) at for bibelske namn er bibelselskapets skrivemåte ei grei rettesnor. -Knut 29. desember 2008 kl. 16:25 (CET)Svar
Kva gjer vi i så fall med dei namna som blir skrive ulikt på hebraisk men likt av Bibelselskapet? Kjem ikkje på dei det gjeld i farten (og lyt kvile middag snart), men kan nemne at problemet blant anna oppstår i samband med dei minimale para ‘/’, q/kh/hh/h, sj/s/z/ts. -- Olve Utne 29. desember 2008 kl. 16:33 (CET)Svar
Då rådfører vi oss med folk som kan hebraisk. Ingen regel er utan unntak; det hender kanskje også at bibelomsetjarane gjer uheldige val. Poenget mitt er å unngå dei engelske skrivåtane Jacob for Jakob o.a.). Då er Bibelen, som alle har for handa (i det minste her), ein grei autoritet. --Knut 29. desember 2008 kl. 16:42 (CET)Svar
Held dette? :) Olve Utne 29. desember 2008 kl. 17:10 (CET)Svar
Den forstod eg ikkje? -Knut 29. desember 2008 kl. 17:46 (CET)Svar
Hebraiskkunnskapar, altså. :) Olve Utne 29. desember 2008 kl. 19:35 (CET)Svar
Då er eg med. Dine hebraiskkunnskapar har eg aldri tvilt på. Dei var dei eg sikta til kl.16:42:«Då rådfører vi oss med folk som kan hebraisk».(Ingen ironi - det fungerer så dårleg i nettdebattar) -Knut 30. desember 2008 kl. 00:14 (CET)Svar

Dersom artikkelen om namnet Baruk bør flyttast til Barukh eller Baruch fordi namnet bør skrivast slik på norsk, skal eg ikkje protestere. Eit alternativ er å flytte til Namnet Baruk (jf Namnet Israel). Når det gjeld prinsippet om skrivemåten for bibelske namn, kan eg vere steil, men Baruk er så lite brukt i Noreg, at sjølv ein prinsippryttar kan la kjepphesten fare. Knut 29. desember 2008 kl. 18:10 (CET)Svar

Tilbake til siden «Baruk».