Jakob
mannsnamn
(Omdirigert frå Jacob)
Jakob, Jacob eller Jakop er eit mannsnamn av hebraisk opphav. Andre namneformer er James (engelsk) og Jeppe (dansk).
Tydinga er omstridd:
- I fotnote til 1. Mosebok 25.26 skriv Bibelselskapet (1985) at namnet vert sett i samanheng med å halde i hælen eller narre, lure.
- Olav Veka i Namneboka (1991) oppgjev at tydinga kanskje er Gud må verne.
Jakob har norsk namnedag den 25. juli.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet har vore mykje brukt i Noreg, heilt sidan 1300-talet, men fall i popularitet ut over 1900-talet. Dei siste åra har namnet auka kraftig i popularitet. Utvikling i bruken av namnet:
- 1801: Ca. 8 700
- 1900: Ca. 14 000
- 2007: Ca. 5 500
Jakob som bibelsk namn
endre- Patriarken Jakob, son åt Isak og Rebekka (1. Mos. 25.26-37 m.fl.9),han som sidan tok namnet Israel
- Apostelen Jakob, son til Sebedeus (Evangeliet etter Matteus, 10.2)
- Apostelen Jakob, son til Alfeus (Mat., 10.3)
- Jakob, bror til Jesus (Mat. 13.55), etter tradisjonen forfattar av Jakobs brev.
Kjende namneberarar
endre- Jakob, skotske kongar av huset Stuart (engelsk James).
- Jacob Grimm (1785-1863), tysk eventyrsamlar
- Jakob Sverdrup (1845-1899), norsk prest og stortingsmann
- Jacob Breda Bull (1853-1930), norsk prest og forfattar
- Jakob Fjelde (1859-1896), norsk-amerikansk bilethoggar
- Jacob A. Riis, dansk-amerikansk journalist og fotograf
- Jakob Jakobsen (1864-1918), færøysk språkforskar
- Jacob Stenersen Worm-Müller (1884-1963), norsk historikar
- Jakob Grubbe Cock Schetelig (1875-1935), norsk geolog
- Jakob Bjerknes (1897-1945), norsk-amerikansk meteorolog
- Jakob Martin Pettersen (1899-1970), norsk politikar
- Jakob Sande (1906-1967), norsk diktar
- Jakob Weidemann (1923-2001), norsk kunstnar
- Jakob Kjersem (1925-2009), norsk langdistanseløpar
- Jacob Young (f. 1970), norsk jazzmusikar
- Jakob Poulsen (f. 1983), dansk fotballspelar
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Jakob hjå Statistisk Sentralbyrå