Diskusjon:Fyresdal kommune

Siste kommentar: for 12 år sidan av 94.139.74.92 i emnet Namnet Fyresdal

Napuren endre

Napuren ligg vel ikkje i nordaust, men nordvest i kommunen? Dette usignerte innlegget vart skrive av 88.89.109.235 (diskusjon · bidrag) 17. april 2010 kl. 23:59

Frå SNL-artikkel utan fri lisens endre

Eg tok vekk stoff som likna på allkunneartikkelen, men no ser eg at det også er stoff frå SNL-artikkeln om kommunen, og den har ikkje fri lisens, så her må fjernast ein god del meir. --85.167.167.65 8. januar 2011 kl. 01:40 (CET)Svar

Det var ikkje så gale, men eg har endra på det som kunne vera for likt, og sette ref-taggar på slike fakta som kjem direkte frå SNL. --Ranveig 8. januar 2011 kl. 02:32 (CET)Svar

Namnet Fyresdal endre

Det gamle namnet på Fyresvatn er Fyrir., dette ser vi på fleire kart.

Leiv Heggstad: Gamalnorsk ordbok:

s. 189: fyri, fýri (subst.) 1. fyre, furuskog, furuved.

s. 189: fyrir (prep) 1. fyre – framanfor,nedanfor,i vegen for,i fyrevegen.

Preposisjonen fyrir er stadig forveksla med substantivet fyri og teke til inntekt for at namnet kjem av furu, men etter gamal tradisjon kjem namnet av at dette vatnet låg framom ein, i vegen for ein, då innvandrarar kom opp mot dalføret for å slå seg til her i dalen. Dei kom då til Fyrirsæ og Fyrirsdalir. Bratte fjell stupar i vatnet og gjer det umogleg å fylgje strandkanten på båe sider for å kome opp i hovuddalen, ein må over fjella eller ro vatnet.

Eg er glad i furu, men det ergrar meg at dalen vår gong på gong lettvint vert kalla furudalen! Dette er ein av mine gamle kjepphestar, men den er enno ikkje utsliten! Olav Momrak-Haugan --94.139.74.92 14. februar 2012 kl. 18:16 (CET)Svar

Tilbake til siden «Fyresdal kommune».